Bonden i Frøvik i Skjold konkluderte med at framtida er å satse. Utan investeringar er det heller ikkje framtid i landbruket.
— Vi som er i landbruket har valet mellom å investere eller å gi seg på eitt eller anna tidspunkt. Det er kanskje tryggast økonomisk å basere seg på det gamle, men det er ikkje det kjekkaste, seier Trond Skogen.
— Eg har inntrykk av at mange har tatt steget i Vindafjord og satsar ein god del.
Leiger kvotar
Han opplever investeringa som ei vitamininnsprøyting der garden heng med i utviklinga. Det nye fjøset er på 1.700 kvadratmeter og har ein mjølkekvote på 470.000 liter, der Skogen sin del er 230.000.
Han samarbeider med to andre gardbrukarar, Edvin Kåre Svendsen og Jostein Alvseike, som leiger ut kvotane sine til Frøvik Melk DA. Fjøset kjøper også grovfôr frå dei to som leiger ut kvotane sine.
Skogen eig 98 prosent av selskapet og dei to andre 1 prosent kvar. Det blir eit slags samdrift «light» der Trond Skogen står for mjølkeproduksjonen og er hovudaktøren.
Han skal også ha ungdyr i det nye fjøset med lausdrift.
Kapasitet for framtida
Det nye fjøset kan huse 100 kyr, men i første omgang skal 55 mjølkekyr inn i lausdrifta. Med full utnytting av fjøset vil han kunne produsere nesten det doble av kvoten på 470.000.
— Eg bestemte meg for at eg ville byggje så stort fjøs at eg slepp å utvide dersom det blir aktuelt å auke produksjonen på eit seinare tidspunkt. Det er rift om kvotar i dag, men eg trur at dei som vil produsere i framtida, vil få det. Mange gir opp mjølkeproduksjonen og det gir rom for andre fordi vi treng mjølk, seier han.
I dag eg konsesjonsgrensa for mjølk 750.000 liter i året, men han spår at denne grensa blir auka fordi mange gir seg.
Effektiv med robot
— Det er to måtar å klare seg på, og det er å auke volumet eller å satse på spesialprodukt. Når ein får mindre betalt for kua, må ein ha fleire. Eg ønskjer ikkje at det skal vere slik, men det blir tvinga fram av styremaktene. Det er valet vi står overfor, meiner mjølkeprodusenten i Skjold.
Han skal ha mjølkerobot i fjøset, der kyrne melder seg til mjølking og roboten ordnar resten. Skogen trur verken han eller sambuaren Malle Pihelgas blir arbeidslause sjølv om det kjem robot, det er nok av andre ting å ta seg av.
— Det er selt kanskje nærmare 6.000 robotar av denne typen, og barnesjukdommane skal vere over, fortel han.
Store krav
Skogen har planlagt det nye fjøset i lang tid, og var aldri i tvil om at han skulle ta dette løftet. Trass i ei investering på 9 millionar, viser budsjetta at det skal gå i pluss.
— I følgje Tveit Regnskap skal det går rundt og bli lønsamt. Men det krev eit resultat over gjennomsnittet der vi klarer å drive maksimalt. Detaljane er uhyre viktig når produksjonen blir stor, og rett fôring er avgjerande, seier han.
Rentenedgangen gir han ei god kjensle for tidspunktet å investere på, medan kronkursen med svakare krone trekkjer den andre vegen når mykje av utstyret til mjølkeproduksjon er import.
Utbygginga blir finansiert gjennom Innovasjon Norge og Sparebanken1 SR-Bank.
— Eg har fått god rådgjeving både hos Tveit Regnskap og på landbrukskontoret i Vindafjord, og det har vore ei god hjelp, seier Trond Skogen.
AH Bygg på Jæren er spesialistar på driftsbygningar og er i full gang med forskalingsarbeid i fjøset som skal vere innflyttingsklart om eit halvt år.