Varm marknad trekte folk

— Det er rett og slett for fint vêr. Me skulle gjerne hatt eit år […]

— Det er rett og slett for fint vêr. Me skulle gjerne hatt eit år med «normale» temperaturar å samanlikna med, seier Sølvi Grindheim Stople på telefon frå marknadskontoret.
På laurdag kom det heile 10.200 besøkjande, og det er leiar Ståle Tungesvik I marknadsnemnda ekstra godt nøgd med.
Sjølv om det var middelhavstemperaturar i Etne alle fire marknadsdagane, kom det også nokre plaskvåte ettermiddagsbyer både torsdag og fredag. Like fullt strøymde folk til området.

Nye festivalar
Forteljefestivalen og musikkfestivalen på Fugl Fønix var nye element I tilknyting til årets Etnemarknad. Begge deler synte seg å vera publikumstreffarar.
Papirutgåva av grannar måndag har ei fyldig dekning av marknaden og festivalane.