Viktige poeng til Skjoldar

5. divisjon avd. 4 Skjoldar–Åkra 2 4-0 (4-0) Skjold stadion 1-0 Egil Moe 2-0 Leif […]

5. divisjon avd. 4
Skjoldar–Åkra 2 4-0 (4-0)
Skjold stadion
1-0 Egil Moe
2-0 Leif Arne Slemstø
3-0 Leif Arne Slemstø
4-0 Kurt Rødde
Dommar: Per Annstein Aarvik
Publikum: om lag 25

Det var ein nokså tøff kamp der begge laga gjekk hardt ut for å vinne, duellane var tøffe og kampen hadde eit voldsomt trykk i seg. Dette saman med ein våt og glatt bane førte til ein del gule kort på begge sider, spelarar kom for seint inn i taklingar og dei feilrekna utfallet i ein del situasjonar.
Sørpeslagsmål
I første omgang kom måla som perler på ei snor. Og då Kurt Rødde sette ballen i nettet til fire null, etter eit hjørnespark, hadde heimelaget sigeren i lomma.
Andre omgang gjekk som den fyrste med mange moglegheitar for heimelaget, men no klarte dei ikkje få nettkjenning. Gong på gong var det nære på, men altså inga scoring i andre omgang.
Det var viktig for heimelaget å dra i land ein siger i denne kampen. Etter tapet på Bømlo førre kamp måtte dei ta med seg full pott om dei framleis skal henge med dei andre laga i divisjonen. Og som fleire gonger før, spela karane i blått og kvitt best på heimebane.
— Det var både viktig og godt for oss å få tre poeng. No kan me endå klare å halda ryggen til dei andre på tabellen, seier Jan Bauge. Han omtala kampen som eit realt sørpeslagsmål, men seier at heile laget var svært så nøgde med resultatet..
På tabellen er det tett. Det er berre åtte poeng mellom Skjoldar som er nest sist, og Ferkingstad som ligg på tredje plass. Det gjenstår enda åtte rundar, og med ein så tett tabell kan alt skje.