Ville hatt eit klarare svar

Køyrekupongar vart skrapa saman og pengar lagt i bordet for å skaffe seg maxi-taxi til […]

Køyrekupongar vart skrapa saman og pengar lagt i bordet for å skaffe seg maxi-taxi til formannskapet sitt møte i Vindafjordhallen. 30-40 eldreaksjonistar stilte med plakatar med klar tale for å få politikarane til å snu, og ta vare på den tradisjonelle kjøkkendrifta ved Ølen omsorgsenter og Vindafjordtunet.

Respektere eldre
I nesten to timar sat dei benka rundt politikarane før kjøkkensaka kom på dagsorden. Før det hadde Aase Handeland overlevert ein plakat til ordførar Arne Bergsvåg og resten av formannskapet med klar tale om at dei eldre vil bli behandla med respekt.
— Det er mange som sit heime og ikkje er friske nok til å møte opp. Vi representerer dei også, og dei har bede oss om å seie frå. Vi vil kome til orde og vi vil at politikarane skal lytte til oss. Det ser ikkje ut til at alle er villige til det, seier Aase Handeland.
Ho er talskvinne for mange som bur i omsorgsbustader eller i omsorgssenteret i Ølen, og ho har vore den som sterkast har ført ordet mot å innføre kok/kjøl-middag til eldre i Vindafjord kommune.

Litt skuffa
— Eg er på ingen måte nøgd med vedtaket. Dei kunne ha sagt at vi eldre skal få ha den maten vi vil ha. Det var berre Tone Hatteland og Reidar Håvås som støtta oss fullt ut. Men vi vil følgje med på kva som skjer, og vi gir oss ikkje, seier Handeland.
Ho er opprørt over at dei ikkje er blitt tatt med på råd i kjøkkensaka, og at det meste har skjedd over hovudet på dei som har dei kommunale middagane på menyen sin.
Men det er ein halv siger inntil vidare sidan formannskapet går inn for at ein skal vurdere tradisjonell kjøkkendrift frå eitt av dagens to kjøkken. Men samstundes har ikkje politikarane sagt farvel til å innføre nytt kjøkkenregime med kok/kjøl.

Velferdssamfunnet
Reidar Andersen frå Ølen stilte også opp med plakat i Vindafjordhallen, og var skuffa over at politikarane ikkje sa farvel til kok/kjøl ein gong for alle.
— Dei skulle gjort som etnebuen og sagt at dette vil vi ikkje ha. Det er eit greitt nok vedtak, men vi veit framleis ikkje om det vil gå vår veg. Det er gale at eldre som har streva eit langt liv ikkje skal få skikkeleg mat som dei vil ha i velferdssamfunnet vårt. Det må vere andre stader å spare desse kronene, seier Andersen.
Det var flust med plakatar i det tidlegare biblioteket i Vindafjordhallen med tekstar som:«Bort med prestisjen. Det er ingen skam å snu. Gjer det nå». Og: «Gjer vedtak om at kun den beste maten er god nok til dei eldre. Og gjer det i dag.»
Etter over to timar med blikket festa på politikarane i formannskapet, var det tid for retur med maxi-taxien som stod og venta. Aksjonistane mangla ikkje på vilje for å få sagt i frå om kva dei meiner.