Vinmonopolsaka: Ikkje alle er skuffa!

Alle er vonbrotne,  og vonbrotet kjem av at det ikkje vert polutsal verken i Etne […]

Alle er vonbrotne,  og vonbrotet kjem av at det ikkje vert polutsal verken i Etne eller Ølen det komande året. Dei uttalar seg som om det nærast skulle vera ein menneskerett å ha polutsal mindre enn 30 km frå heimstaden. Og dei konstaterer at mangel på polutsal fører til handelslekkasje frå bygdene.
Nettopp det siste kan nok dei fleste av oss vera samde i og synast er ille.  Det er ikkje bra om folk i bygdene let vera å handla på heimstaden fordi dei ved ein bytur kan kombibera polturen med kjøp av andre varer. Her bør kvar og ein tenkja seg nøye om og heller  passa på at byturen berre skal ha eitt einaste føremål, om dei då ikkje heller skulle droppa heile byturen!
Ingen av dei fire vonbrotne nemner eit  ord om negative sider ved å ha polutsal i bygda.   Negative sider er det nemleg rikeleg av, og me er utvilsamt svært mange både av foreldre og besteforeldre som slett ikkje er skuffa over Vinmonopolet si avgjerd. Tvert om. Kvifor er du ikkje skuffa over slik diskriminering av bygdene, kan du gjerne spørja.
Jo,  her har du mitt svar:
All forsking viser at lettare tilgang på alkohol fører til auka forbruk,  og me veit alle ein god del om dei enorme skadeverknadane alkoholen påfører einskildindivid, familiar og heile samfunnsmaskineriet. Det dreiar seg om eit hav av sorg og ulukke.  Når me ser oss omkring i bygdene,  veit me at tilgangen på alkohol er rikeleg stor nok alt i dag.
Forskinga viser og at ei dobling av alkoholbruken fører til ei firedobling av skadeverknadane.  Det er ingen grunn til å tru at ikkje slike skadeverknadar melder seg også i våre bygder når forbruket aukar.  Argumentet om «lovleg vare»  held ikkje mot slike realitetar
Det er eit offentleg ansvar for politikarane i einkvar kommune å syta for folket sitt ve og vel.  Det er ikkje eigna til å fremja folket sitt ve og vel å få etablert vinmonopolutsal i bygdesamfunnet.
Det klåre rådet herfrå er derfor:  Dropp polsøknaden neste år!

Hans Olav Tungesvik 
(med åtte års fartstid i styret for AS Vinmonopolet.)