anita.haugland@grannar.no
— Det er enormt korleis det blir fiska sild i Vindafjorden, Sandeidfjorden og Yrkesfjorden no om dagen, seier Edvin Magne Ørke, formannen i fiskarlaget for Tysvær, Vindafjord og Etne.
Sjølv har han vore med å fanga omlag 200 tonn sild i Yrkesfjorden. Storfangsten er drege inn på godt og vel halvanna veke.
— Eg har fiska i 25-30 år, og eg har aldri sett maken til slikt sildefiske som det er no om dagen, seier Ørke.
Fiskeridirektoratet meiner at ein må heilt tilbake til midten av 40-talet for å finne liknande sildefangst inne i desse fjordane.
— Fiskebåtane har fanga nærmare 7000 tonn sild i løpet av denne veka, seier Onar Gudmundsen, seniorrådgjevar i fiskeridirektoratet, region sør.
Han fortel at det er fanga omlag 4000 tonn på dei tø døgera frå tysdag til torsdag.
— Dette viser kor viktig det er å halde fjordane reine, silda kjem når ho kjem, seier Gudmundsen.
Ung rekruttering
Onsdag kveld fekk skuleeleven Jørn André Vaka (13) vere med på ei oppleving utanom det vanlege. Saman med Harald Pettersen, som jobbar på Ølen skule, var han med ut på fisketokt i Vikedal. Etter å ha teke kontakt med mannskapet på fiskebåten Tenholmskjær som låg inntil kai i Vikedal, fekk dei vera med på fisketur. 120 tonn sild vart drege inn i tre kast.
— Me er kjempenøgde over å få vist fram yrket vårt på denne måten, seier Jan Gunnåsen, kaptein på fiskebåten frå Hvaler.
Han fortel at ein må regne med lange økter når ein held på med fiskaryrket. Denne gongen jobba dei heile natta, og la til kai att klokka 07.00 torsdag morgon. Han var svært nøgd med ungdommen han hadde med seg om bord i båten.
— Heime driv vi med rekruttering av ungdom til dette yrket, så eit slikt besøk passa perfekt, sa fiskaren frå Austlandet.
Jørn André Vaka er til vanleg elev i 8. klasse på Ølen skule. Natt til torsdag fekk han vere med å dra opp 120 tonn sild på fiskebåten Tenholmskjær frå Austlandet.
Gammalt mønster
Årsaka til ei slik positiv utvikling av sildebestanden kan vere fleire. For nokre år tilbake var sildestamma langt nede, men på 80- og 90-talet byrja ho å ta seg opp att. I 1993 var det eit godt år for sildefangst, men då samla silda seg hovudsakleg i Ofotfjorden og Vestfjorden lengre nord i landet.
— I dag er denne silda omtrent borte, og ein finn ho i staden langs kysten. No dukkar ho opp lengre sør, informerer Ørke.
Han fortel at ein litt kaldare vinter truleg har gitt betre temperatur for sildebesøk.
— Silda må har rett temperatur i fjorden for at dei skal komme inn å gyte, og før i tida gjekk silda i det mønsteret ein no ser, fortel fiskaren.
Han er spent på om dette er ein trend som vil vare over fleire år.
— Mykje tyder på at ein no ser det same mønsteret som var i etterkrigstida, men dette er det ingen som veit sikkert, seier Onar Gudmundsen i fiskeridirektoratet.
Gode tider
Edvin Magne Ørke fortel at snittprisen på sild per kilo i dag ligg på 1,85 kroner. Snittprisen hos Sildelaget i Bergen er rett under 2 kroner per kilo.
— Me får ikkje så ekstremt bra prisar på sild no, likevel er dette bra for heile fiskerinæringa i distriktet, seier formannen i fiskarlaget.
Han fortel at når silda no er inne å gyt i fjordane, vil det også truleg komme inn mykje torsk, sei, hyse og lyr for å beite.
— Dette vil difor slå positivt ut for dei båtane som ikkje har sildekvote også, seier Ørke.
Silda blir seld til norske aktørar i første omgang, som gjerne eksporterer varene vidare.
— Ein del av silda går til mjøl og olje direkte til sildefabrikken på Husøy på Karmøy, fortel Ørke.
Når ein leverer silda direkte til fabrikken får fiskaren omlag 1,20 kroner per kilo sild.