Mediefag har grepet

Jon Edvardsen For Ølen vidaregåande skule er det litt dyster lesing med 208 primærsøknader på […]

Jon Edvardsen

For Ølen vidaregåande skule er det litt dyster lesing med 208 primærsøknader på alle linjer og trinn på skulen, ein nedgang på 20 prosent samanlikna med søkjartalet på tilsvarande tidspunkt i fjor.
Når Lundeneset vidaregåande skole har 355 søkjarar med skulen som førsteval, er det ein vekst på nærmare ti prosent samanlina med i fjor. Førsteåret på media og kommunikasjon har aleine like mange primærsøkjarar som alle dei seks vg1-linjene i Ølen.

Motstraums
I klasserommet til faglærar Per Sigmund Bukkholm er ein av suksesshistoriene til privatskulen i Ølensvåg. Her er det web, film og mediefag det handlar om. Til 15 plassar på førsteåret (vg1) er det 74 primærsøknader, mot 51 i fjor. Finanskrisa har gjort inntog i mediebransjen med stor svikt i inntekter og kraftig nedbemanning, men det gjer ikkje inntrykk på elevane som vil til Lundeneset.
— Søknaden speglar ikkje jobbutsiktene i mediebransjen. Eg trur ikkje så mange siktar seg inn på bransjen. Media og kommunikasjon gir kvalifikasjonar som er nyttig i mange andre yrke. Det å kunne lage ei webside til dømes, seier Bukkholm.

Skulen trekkjer
Linda Aase og Ragnhild Frugård frå Stord er inne i sitt andre år på media og kommunikasjon, og begge stiller seg tvilande til om dei kjem til å sikte seg inn mot mediebransjen.
— Eg vil gå påbygg med generell studiekompetanse neste år. Media kjem meir til å bli ein hobby, seier Frugård. Medeleven Linda Aase har ikkje heilt bestemt seg, men er i tvil om det blir mediebransjen. Begge hadde eit ønske om å gå på Lundeneset, og bestemte seg deretter for å søkje på det faget dei fann mest spennande.

Luksusproblem
Rektor Gustav Fosse meiner faget er tiltrekkande for mange fordi det er eit godt alternativ for dei som ikkje har karriereval innan realfag, og som ønskjer litt meir praktisk retta fag som likevel kan gi studiekompetanse.  Lundeneset har eit luksusproblem med 355 søknader til ein skule som er godkjent for 180 elevplassar. Men Fosse meiner det også er ei bakside av medaljen når så mange ikkje får ønsket sitt oppfylt fordi det langt frå er nok plassar.
— Det er litt fortvilande at så mange får nei. Søkjartalet har ført styret for skulen i tenkjeboksen med tanke på å auke kapasiteten. Utfordringa er at det vil koste å utvide internatet, seier Fosse.
Lundeneset stiller i ein litt annan kategori enn Ølen vidaregåande sidan ein klar majoritet av elevane ved skulen i Ølensvåg er elevar frå andre kommunar enn Etne og Vindafjord.