Rekna seg til god plassering

Anita Haugland — I år fekk me eit svært godt resultat, seier Torger Audun Ohm, […]

Anita Haugland

— I år fekk me eit svært godt resultat, seier Torger Audun Ohm, mattelærar ved Ølen vidaregåande skule.
Konkurransen er kalla opp etter matematikaren Niels Henrik Abel, og denne prøven vert arrangert på Ølen vgs kvart år.

Elevane må igjennom to kvalifiseringsrundar før dei får ein plass i den nasjonale finalen. I den første runden får deltakarane 20 oppgåver som skal løysast på hundre minutt. Ti prosent av elevane går vidare, og det er dei elevane som får best plassering som kjem med i den neste runden. I andre runde er det ti oppgåver som skal løysast på hundre minutt.

— Desse oppgåvene er svært spesielle, og ligg ofte eit stykke frå pensum, informerer Ohm.
Han fortel at elevane må jobba utan hjelpemidlar, og difor er resultata svært svingande.

Nålauge
Poengsummane frå dei to rundane vert lagt saman, og omlag 20 elevar får delta i landsfinalen i Trondheim. Derifrå er det seks deltakarar som får reise til den internasjonale matematikkolympiaden. I år skal dette meisterskapet arrangerast i Bremen. Av 4.000 deltakarar fekk Tommy Hatteland 71. plass i første runde. I andre runde konkurrerte 400 elevar, og Tommy Hatteland fekk 27. plass. Silje Sævareid Espevoll og Ilya Serov markerte seg også med gode poengsummar i konkurransen.