Politiet fekk melding om ulukka omlag 11.30 i dag. Ein bil på veg austover frå Etne skulle svinga ned til bensinstasjonen på Kyrping. Då den 64 år gamle sjåføren kryssa vegen ned, blei han treft av ein bil som kom køyrande vestover mot Etne.
— Den 25 år gamle bilisten som var på veg vestover, blei sitjande fast i bilen ei stund. Også 45-åringen blei skadd,, men det skal ikkje vera snakk om alvorlege skadar hjå nokre av dei. Begge er nå på veg til sjukehuset i Haugesund, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Agnar Austerheim