Trafikkulykker i Vindafjord

Rett over klokka halv elleve fekk politiet melding om trafikkulykke på Liaheia. Ein personbil køyrde […]

Rett over klokka halv elleve fekk politiet melding om trafikkulykke på Liaheia. Ein personbil køyrde fordi ein lastebil og var i ferd me å køyre forbi ein personbil som låg framføre lastebilen. Denne bilen la seg ut i venstre felt, og føraren som starta forbikøyringa måtte svinge av vegen for å unngå samanstøyt med personbilen framføre. Bilføraren, som er 20 år, og ein passasjer i slutten av tenåra vart lettare skada. Begge vart køyrt til legevakta for kontroll.

Natt til måndag, klokka 00.13, fekk politiet ei ny melding om trafikkulykke på E134 i Ølensvåg. Bilføraren, ein mann i 70-åra, køyrde vestover då han kom over i motsatt køyrebane og ut i ei skråning der bilen velta etterpå. Bilføraren vart sendt til legevakta for skjekk. Bilføraren fortalde at han truleg kunne ha sovna, og politiet opprettar sak på forholdet.

— Bilen hamna på taket, men føraren kom uskadd frå hendinga. Per i dag veit me ikkje årsaka til ulykka, seier Laila Eike, politibetjent ved Vindafjord lensmannskontor.