Etter ei eventyrleg auke og utvikling dei siste åra, sette kriseåret 2008 ein bråstopp for den veksande aksen i rekneskapet hjå Berge Sag-konsernet. Resultata viser ein nedgang i omsetnaden på nærare 50 millionar kroner, frå 2007 til 2008. Årsresultatet hamna på omlag 15 millionar kroner mindre enn i 2007.
Svikten botnar hovudsakleg i ein dårlegare hyttemarknad og ein bråstopp innan eigne prosjektmarknaden. Trass stagnasjon i bransjen og det økonomiske resultatet, seier dagleg leiar i Berge Sag-gruppen AS, Rolf Sjursen at konsernet har tatt høgde for stoppen. Det kunne ha vore verre, meiner han.
— Resultatet skulle ha vore betydeleg betre. Første halvdel gjekk som forventa, men på haustparten blei det stopp. Men me tok høgde for endringane i fjor haust, og haldt bevisst tilbake ein del prosjekt.
Halvert
Som ein av dei største aktørane innan bygg på Haugalandet har overskotet i konsernet vore stabilt, med auke i løpet av dei siste fire åra før 2008. Frå 2004 til 2007 auka overskotet frå 14,4 til 22,7 millionar kroner. I fjor fall derimot talet med nærare 15 millionar kroner, og hamna på 6,9 etter skatt. I forhold til tidlegare år er dette svært dårleg, sjølv om resultatet i seg sjølv ikkje er verre enn venta, meiner økonomisjef i Berge Sag, Lars Gunnar Berge.
— Me såg marknadsendringane koma i fjor sommar, og dei tre til fire åra fram til dette gav rekordår. Nå har det likevel løyst seg noko, og me reknar me å nå same budsjettet i år som i fjor, seier Berge.
Reduksjonen er eit resultat av at Berge Sag valde å køyra ein meir forsiktig profil og halda tilbake iverksetjing av prosjekt framover.
— Tala er nok halvert i forhold til det me hadde budsjettert med. Me merka dei tunge endringane på hyttemarknaden og på eigne prosjekt godt. Mellom anna blei det også produsert ein del leilegheiter i 2008 og 2009, som enno ikkje er selde, seier Sjursen.
Fleire tilsette
I 2008 kjøpte Berge Sag opp tømraravdelinga i Budeng & Vik, og auka snikrarstaben sin med 23 nye tilsette i fagbygg-avdelinga. Heile Berge Sag-konsernet har omlag 110 tilsette. Endringar i marknaden vil likevel ikkje gå utover organisasjonen som me satsa mykje på å behalda og vidareutvikla, understrekar Sjursen.
— Me har bygd opp ein god organisasjon med oppkjøpet og fleire tilsette, den skal me halda på vidare. Me har etablert oss som aktør på næringsbygg, byggfornyingssida og rehabilitering av bygg, noko som har gitt full sysselsetjing. Framleis går det godt med salet av einebustader, og me har fullt opp fram til jul, seier konsernsjefen.
Godt nytt år
Sjølv om 2008 kom med ein knekk for ein til då solid vekst, har 2009 så langt vist seg å vera eit godt år for byggmeistrane. Og dagleg leiar Sjursen er overtydd om at Berge Sag framleis står svært trygt.
— Salstatistikken vår viser at dei fem første månadane i år var dei beste salsmessige på byggjedelen sidan 2001. Mange av dei som sat på gjerdet i fjor haust, har teke til å hamra igjen nå. Me kjem nok ikkje til å tena dei same pengane som tidlegare dette året, men me er trygge på framtida, seier Sjursen.
Lars Gunnar Berge avviser at 2009 blir noko kriseår.
— Me har nokre prosjekt klare for bygging. Både i Vågshagen og på Knapphus blir det bygging i haust, medan me framleis avventar situasjonen i haugesundsområdet. Når det gjeld hytter, vil me ikkje nå same høgdene som då me var på topp for nokre år tilbake, men me trur dette vil bli eit like bra hytteår som i fjor, seier Berge.