Det er nå stadfesta at landbruks- og matminister Lars Peder Brekk kjem til Etnemarknaden 6. august. Han blir Sp sin representant under den politiske debatten leia av Sigvart Østrem, kjent frå NRK Rogaland.
Dermed er det berre Frp som ikkje har annonsert kven som stiller av dei politiske partia. Lokallaget jobbar med fleire toppnamn, og håpet er å få partileiar Siv Jensen til arrangementet.
Tidlegare er det kjent at forsvarsminister Anne Grete Strøm Eriksen (Ap), første nestleiar Per Kristian Foss (H), Laila Dåvøy (KrF) og nestleiar Audun Lysbakken (SV) stiller.
Det er klart at for Venstre deltar tidlegare stortingsrepresentant May Britt Vihovde frå Sveio. Ho er vararepresentant for Lars Sponheim på Stortinget, bur i Haugesund der ho sit i bystyret.
Landsbruksministeren kjem
Det er nå stadfesta at landbruks- og matminister Lars Peder Brekk kjem til Etnemarknaden 6. […]