Bjørn K. Kjellesvik
bjorn.kjellesvik@grannar.no
Arne Tysvær frå Haugesund drog måndag kveld opp det som er den største laksen som er fanga i Etneelva så langt i år. Den erfarne fiskaren var også tilfreds med å slå sin personlige rekord på 10,6 kilo.
— Det er nok stor sjans for at dette var mitt livs fisk, seier Tysvær.
Han har fiska i mange år, men har aldri sett noko liknande. Den 115 centimeter lange laksen vart halt i land på om lag ein halvtime. Han meiner at det var viktig for elvefisket at ein laks av den storleiken vart drege i land.
— Det er ikkje akkurat kvardagskost med så store laksar no til dags, konstaterar Tysvær.
Han var særs imponert over kvaliteten på laksen han hadde fanga.
— Den glinsa, og såg veldig bra ut, kommenterer den stolte fiskaren.
Fiskeentusiasten skal no skaffe seg ei gipsavstøyping av laksen, slik at han kan forevige fangsten sin.
— Eg må nok få han opp på veggen, smiler Tysvær.