— Nok prat

  Ivar Teigland Statistikken er dyster for villaksen i Etne. 20. juli i fjor var […]

Ivar Teigland

Statistikken er dyster for villaksen i Etne. 20. juli i fjor var det fanga 346 laks i Etneelva, mens talet i år er nede i 105.
— Me snakkar ikkje om sesongsvingingar, men ein tendens me har sett lenge, opplyser Vidar Børretzen, leiar i Etne Elveeigarlag.
Etneelva har ein over 100 år lang tradisjon som populær elv for sportsfiske, og er eit nasjonalt vassdrag under spesielt oppsyn. Halvvegs i fiskesesongen meiner elveeigarlaget at utviklinga for villaksen er så skremmande at dei har stramma inn fiskereglane for resten av sesongen. Kvoten blir halvert frå 1. august, og all hofisk som hamnar på kroken, skal kastast ut igjen. I midten av august blir det ei ny evaluering. Viss den dystre statistikken held fram, blir elveeigarlaget nøydd til å stenge elva for fisking.

Lakselus
— Det er trist å sjå korleis elva har blitt. Tidlegare vrimla det av fisk her, men nå er det heilt dødt, seier Børretzen mens han ser utover Etneelva.
Ifølgje elveeigarlaget er det verken forureining eller kraftutbygging som tar knekken på villaksen. Oppdrettslaksen har skulda.
— Villaksen må passere eit svært tett område av oppdrettsanlegg på veg inn og ut av elva, og her blir han smitta av lakselus. Sjølvsagt har villaksen òg litt lus, men på oppdrettslaksen snakkar me om stor konsentrasjon av lus, og det verste er den lusa som har blitt resistent, fortel Vidar Børretzen.
Laks som klarar å komme seg ut av oppdrettsanlegg er òg farleg for villaksen. Rømlingane er genetisk forskjellige frå villaksen, og når desse blandar seg med villaks, blir laksestamma mindre tilpassingsdyktig.
Leiaren i elveeigarlaget hugsar med gru eit havari i 2004.
— 9000 rømlingar forsvann då uti Etneelva, og me klarte å fiska opp igjen 700 av desse, fortel Børretzen.

Handling og tiltak
Han meiner problemet i Etneelva er godt dokumentert, og elveeigarlaget har ikkje tru på fleire møter og utgreiingar. Nå vil dei ha handling og konkrete tiltak.
Dei meiner at dei sjølv tar sin del av ansvaret når dei nå strammar inn fiskereglane, og i tillegg vurderer dei å avslutte fiskesesongen 1. september i staden for 10. september.
I tillegg kan produksjon av smolt vere eit alternativ, men dette kostar mykje pengar.
— Me har ikkje evne til å klare dette økonomisk på eiga hand, og me etterlyser her eit samarbeid med oppdrettsnæringa, seier Børretzen.
Han fryktar nå at Etne skal lide same skjebne som elvene som soknar til Hardangerfjordbassenget, Osterfjorden og Nordhordland. Der var det tidlegare eit yrande lakseliv, men nå er desse vassdraga omtrent utan ein fisk.
— Etneelva er blant dei siste aktive lakseelvene me har i denne regionen, og me kan ikkje sitje og sjå på at dette går i dass, kjem det frå leiaren i elveeigarlaget.

Jobbar med å bli kvitt lusa

Fiskeri- og havbruksnæringa si landsforeining innrømmer at lus er eit stort problem blant oppdrettslaks.

Sveinung Sandvik som er leiar i bransjegruppa havbruk i Fiskeri- og havbruksnæringa si landsforeining (FHL) viser til ein rapport frå Riber Mohn-utvalet då han høyrer om tilstandane i Etneelva.
— Her kom det fram at det er ei rekkje årsaker til at talet på villaks går nedover. Ein må langt ned på lista før ein finn oppdrettsnæringa, fortel Sandvik.

Det han ikkje seier noko om, er at rapporten er ti år gammal, og baserer seg på eit arbeid som blei gjort for 15 år sidan. Likevel er han med på at lakselus er svært vanleg blant oppdrettsfisk.
— Ja, dette er eit problem. Oppdrettslaksen er vertar for lus, men me jobbar intenst med å få til betre avlusingsmetodar. Me brukar mange millionar kroner i året på dette, seier Sandvik.

Snøsmelting
Lus er òg blant hovudårsakane til laksenedgongen i NOU-rapporten frå 1999. Men leiaren i bransjegruppa havbruk meiner det blir for enkelt å berre skulde på oppdrettslaksen.
— Tidlegare hadde me mykje meir snø om vinteren, og meir snø smelta ut i elvene om våren. Det blei derfor tilført mykje fersk vatn, og lusa likar seg ikkje i fersk vatn, opplyser Sveinung Sandvik.
Rømming har òg vore ei utfordring for fiskeoppdretta, men ifølgje Sandvik var dette eit større problem tidlegare. Dei har nå betre og sikrare anlegg som skal hindre dette.
På vegne av bransjen er han positiv til eit samarbeid om smolt med Etne Elveeigarlag, og opplyser at dei er med på liknande prosjekt på Voss og i Hardanger.
— Her har me felles interesser, og me er sjølvsagt like interesserte i å oppretthalde villaksbestanden, seier Sandvik.
Men ifølgje leiaren for bransjegruppa havbruk i FHL fins det òg skepsis til bruk av smolt, blant anna frå Fylkesmannen i Hordaland.