Stadig auke i arbeidsløysa

Kari Aakra I Vindafjord var det 45 arbeidsledige ved utgangen av juli, noko som utgjer […]

Kari Aakra

I Vindafjord var det 45 arbeidsledige ved utgangen av juli, noko som utgjer 1,1 prosent av arbeidsstyrken. Dette er to fleire enn førre månad, og ei auke på tretten frå same periode i fjor, viser tal frå Nav.
I Etne er 33 personar utan arbeid, ei auke frå juni månad på 12 personar. Likevel er juli månad stabilt i forhold til året elles, der arbeidsløysetala i kommunen har vore rundt 30, omlag 1,6 prosent av arbeidsstyrken.

Sommarauke

Ved utgangen av juli var 3,0 prosent av den samla arbeidstyrken i Noreg arbeidsledige, til saman 78.409 personar.
Saman med Sogn og Fjordane har framleis Rogaland fylke den minste arbeidsledigheita i landet. Nav var førebudde på auke i arbeidsløysa før sommarmånadane tok til, men ledigheita har stege meir enn venta.

Til saman er 5020 personar heilt arbeidsledige  Rogaland i juli månad, desse utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Den siste månaden har tala auka med 541 personar. Størst arbeidsløyse i fylket finn me i Haugesund og Sauda, der arbeidsløysa ligg på høvesvis 4,5 og 3,6 prosent.

6.800 hordalendingar er utan arbeid i juli. Det tilsvarar 2,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket og er ei auke frå juni månad der prosentandelen låg på 2,4 prosent.

I forhold til juli månad i fjor har ledigheita i Hordaland auka med 72,3 prosent og 2.800 personar. Minst arbeidsløyse i fylket er det i Sunnhordland og i Hardanger-regionen.

Gjeld alle yrke

Alle yrkesgrupper opplever vanskelegare tider. Mest aukar arbeidsløysa innan industri, bygg og anlegg. Likevel bremsar offentleg sektor denne tendensen noko med auka forbruk og investeringar. Innan ingeniøryrke, leiarstillingar og  IKT-fag aukar også vesentleg.  Undervisning, helse-, pleie-, og omsorgsyrke opplever minst auke i arbeidsløyse og stillingsutlysingar.