Landets yngste

Jon Edvardsen Den unge butikkeigaren hadde eit par rundar på heimebane med foreldra før dei […]

Jon Edvardsen

Den unge butikkeigaren hadde eit par rundar på heimebane med foreldra før dei landa på konklusjonen om at dersom ho hadde lyst, skulle ho også hoppe i det. Joker-Bjoa på Buo er ingen ny arbeidsplass for Ingrid Marie Grønnestad; ho starta der som 18-åring då ho avslutta på Tveit vidaregåande skule.
—Tilbodet vart sendt ut til alle som arbeider her, og sidan eg ikkje har lyst til å gå meir på skule no, greip eg sjansen som baud seg.
Etter at overtakinga er blitt kjent, har ho fått mange positive tilbakemeldingar frå bygdefolk på at ho trør til i den einaste butikken på Bjoa.

Mjuk overgang
Den nye butikksjefen på Buo avløyser Kåre Nymark (58), og det er eit ettertrykkeleg generasjonsskifte med ein nesten 40 års aldersforskjell mellom dei to.
Grønnestad har overtatt aksjeselskapet Buo landhandel AS til det ho kallar ein billig penge. Det nikkar den tidlegare sjefen til.
— Ja, veldig billig. Eg har lagt til rette for at den nye butikkeigaren skal overleve. Det er mykje nytt utstyr i butikken også, og ingenting skal tilseie at ho skal få sjokkopplevingar med det første, seier Kåre Nymark.
Han tok sjølv over butikken for åtte år sidan og gav den eit ansiktsløft. Det siste året har ryggen slått seg heilt vrang, og han gir seg med butikken av den grunn.
Grønnestad har difor også fått ein mjuk overgang før ho tok det fulle ansvaret, og Nymark vil gi råd om det trengst.
— Eg har lova at eg skal ta telefonen og svare på spørsmål dersom ho lurer på noko.
— Det er trygt at han skal vere med i overgangen til eg har lært alt.
Ung
Det er eit halvt år sidan Kåre Nymark presenterte etterfølgjaren overfor Joker-kjeda. Dei var litt skeptisk til den potensielle butikksjefen sin unge alder.
— Dei følte nok at ho var for ung, men dei snudde etter at dei var på butikken og såg ho i sving. Dei vil bakke opp og hjelpe ho så godt dei kan, fortel Nymark.
Grønnestad har ikkje planar om dei store endringane i butikken, og slingringsmonnen er heller ikkje stor i dagens kjedestyrte daglegvarehandel.
— Eg vurderer ein prøveperiode med ein time seinare opning og heller ha ope ein time lengre, seier ho.
Det trur Nymark er ein god ide sidan det er tidleg å stenge klokka fem når konkurrentar i nabobygder har ope til langt ut på kvelden.
Drøsestova er ein liten institusjon i butikken som særleg pensjonistar brukar som møteplass. Men Buo landhandel driv også pub, og planane er klare for å utvide med fleire pubkveldar som også kan spe på inntektene. Drøsestova blir møteplass for fotballinteresserte som vil møtast for å sjå kampar.
— At det skjer noko sosialt, trur eg er viktig for butikken, seier den nye butikkeigaren.

Bruke butikken
Kåre Nymark forlét ikkje Buo landhandel utan å minne bygdefolket om at dersom dei vil ha butikk i bygda, må dei også bruke den.
— Folk vil ha butikken, men alt  for mange trur butikken er ei sjølvfølgje nesten uansett. Det er heilt feil. Butikken overlever ikkje dersom folk handlar andre stader, og berre kjem til Buo for å handle det dei gløymde, seier han.
Nymark påpeikar at forklaringa er at halvparten av bjoabuen handlar regelmessig andre stader fordi dei har arbeidet sitt utanfor bygda.
— Hadde Buo fått 20 prosent av denne handelen, noko som ville vere normalt, hadde ein sloppe å snu og vende på kvar krone, og butikken kunne vore tryggare. Marginane blir små med så stor handelslekkasje, seier han.
Grønnestad håpar som Nymark at fleire bjoabuar skal få auga opp for at Bjoa vil bli ein tristare stad utan butikk.
— Då flyttar i alle fall eg, seier Nymark.