Har lansert Vikebygd

Jon Edvardsen Han forsikrar bygdefolket i Vikebygd om at han og kommunen vil slåst for […]

Jon Edvardsen

Han forsikrar bygdefolket i Vikebygd om at han og kommunen vil slåst for betre vegstandar på fylkesveg 734. Politikarane har nettopp gitt klar melding om at denne vegstrekninga bør opp på fylkeskommunen si prioriteringsliste. Per dato er den ikkje prioritert.

— Vi har tatt omsyn til ønsket i Vikebygd at det blir gjort noko med denne vegstrekninga. Men det avgjerande er prioriteringa på fylkesnivå og budsjettet til vegar. Den store striden der er om vi skal bruke masse pengar på nye skulebygg på Jæren eller satse meir på vegar. Høgre, KrF og Frp har gått i bresjen for å bruke trekvart milliard på ny skule på Bryne. Sp er blant dei som heller vil bruke betydeleg meir til veg, seier Bergsvåg.

Han meiner behovet for vegmidlar, både vedlikehald, utbetringar og nye prosjekt, ikkje står i forhold til det som er til disposisjon på vegsektoren.
— Vi har også tidlegare argumentert for vegen til Vikebygd utan at vi har nådd opp. Det er berre til å halde oppe trykket og presse på når vi kan. Det er mange som meiner dei får for lite. Det er ikkje meir enn rundt tre år sidan det vart reasfaltert frå Vikebygd i retning Utbjoa.

Vindafjord har lansert både Fv 734 mellom Isvik og Vikebygd, og Rv 735 til Toraneset Miljøpark som strekningar Rogaland fylkeskommune bør prioritere. Dei har så langt ikkje nådd fram.

Les meir i papiravisa