NORSAR sine målestasjonar registrerte onsdag morgon klokka 07.10 eit skjelv om lag 5 kilometer søraust for Leirvik. Dei automatiske målingane er ikkje alltid like nøyaktige for lokaliseringa av episenteret, men skjelvet som hadde ein styrke på 2.45 på Richters skala, kan vel merkast frå området som er sett til Etne, seier analytikar i NORSAR, Berit Paulsen.
— Dette er svært vanleg langs heile kysten av Noreg, og det er ikkje uvanleg å merka slike små skjelv på slik avstand. Men me har ikkje fått noko melding om det, utan at målaren vår registrerte det, seier Paulsen.
Jordskjelv av denne styrken er svakt, men har høg frekvens. Dei kan koma om lag tusen gonger året, og blir sjeldan merka av menneske. Paulsen fortel likevel at det er mange faktorar som kan påverka om skjelvet merkast.
— Det er fullt mogleg at ein jordskjelv kan kjennast så langt borte frå episenteret, og det kan vera avhengig av mellom anna kor tett folk bur, bygningar og andre ting, seier Paulsen.