Svinebønder fram i vaksinekøen

  Jon Edvardsen På fredag slo Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet fast at særleg svinebønder skal stå […]

Jon Edvardsen

På fredag slo Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet fast at særleg svinebønder skal stå først i køen når massevaksineringa startar. Pluss husstandsmedlemmer og nærkontaktar til risikogruppene og til barn under seks månader.
Det vil dermed gå litt tid før svinebøndene og veterinærane får vaksine mot influensaen som smittar frå menneske til gris.
Regjeringa og partane i arbeidslivet oppfordrar alle verksemder om å innføre utvida eigenmelding frå tre til åtte dagar for eigen eller barn sin sjukdom på grunn av svineinfluensa. Det skal lette presset på primærhelsetenesta.

Brukar maske
Marit Rimestad og Magnar Fjeldheim driv med smågrisproduksjon i Skjold og håpar i det lengste å unngå å få svineinfluensa til gards. Dei bruker både hanskar og maske når dei går i fjøset. Men det er ikkje nytt for ekteparet som har gjort det i lang tid som ledd i det allmenne smitteregimet i griseproduksjonen.
Dei har difor ikkje innført nye tiltak for å hindre at svineinfluensaen kjem inn i fjøset.
— Vi har smittesluse og er restriktive med kven vi slepper inn til grisene. Det blir stort sett oss og veterinærar, fortel Magnar Fjeldheim.
Grannar får heller ikkje sleppe inn i grisehuset
— Verneutstyret tar også vare på vår eiga helse ved at vi ikkje pustar inn for mykje støv, forklarer Marit Rimestad.
Ho er sjukepleiar og har tidlegare tatt enkeltvakter på Haugesund sjukehus. Men etter at svineinfluensaen dukka opp, har ho sagt nei fordi ho vurderer at smittefaren der er større av fleire grunnar.

Ikkje dramatisere
På fredag ettermiddag rapporterte Mattilsynet om tre ny besetningar som var smitta av influensa, og dermed har 21 svinebruk fått sjukdommen. Samstundes var det fire negative prøvar. Av dei 21 tilfella er 17 i Nord-Trøndelag, og det nærmaste Haugalandet er ein besetning på Jæren.
Dei to bøndene meiner kampen mot svineinfluensaen er tapt i første omgang så lenge influensaen hos menneske brer om seg. Også Norsvin har gått ut med at det no er snakk om å avgrense vidare smitte.
— Vi kan ikkje gjere noko anna enn det Mattilsynet tilrår av tiltak. Resten rår vi ikkje over. Det tar også litt tid før vi får vaksinen, seier Fjeldheim.
Han vil heller avdramatisere situasjonen litt sjølv om han meiner alle bør gjere det dei kan for å hindre vidare smitte.

Vaksine
— Andre land har svineinfluensa og taklar det. Alt tydar på at det er ein mild sjukdom for grisene der ein  nesten ikkje merkar noko på dei. Når det først er oppstått, treng det ikkje bli nokon større dramatikk for næringa. Det er ein kortvarig sjukdom i luftvegane, seier Fjeldheim.
Han påpeikar likevel at det er spørsmål ein ikkje har svar på enno. Blant anna at ingen har oversikt over korleis viruset vil utvikle seg.
Så snart vaksine er tilgjengeleg er han ikkje i tvil om at det rette er å ta vaksinen.
— Det er eit personleg val, men eg meiner det er rett å la seg vaksinere ut frå dei råda vi har fått, seier han.
— Vaksinering er eit vanskeleg spørsmål. Ein tilfører kroppen noko framandt, men på den andre sida er det eit etisk spørsmål dersom ein er med på å smitte andre, meiner Rimestad.
Dei ser ingen grunn til at svinebønder skal få panikk, men håpar i det lengste å unngå smitten både hos seg sjølv og andre grisebønder.

Har fått 500 dosar

Vindafjord startar vaksinering mot svineinfluensa på onsdag, og Etne i neste veke.

Det er gravide og risikogrupper som står først i køen for vaksinering i den første fasen. Begge kommunane har fått 500 dosar.
— Det er alt for lite, og ikkje nok til å dekkje risikogruppene i Vindafjord. Vi får håpe at det blir påfyll kvar veke slik vi har fått melding om, seier fungerande kommunelege Michael Schou.
Men fordi det ikkje er fastsett når påfyllet kjem, er det enno ikkje klart når andre grupper får vaksine. Folkehelseinstituttet har skissert at vaksinering av risikogruppene skal vere ferdig i veke 46, og at massevaksinering kan starte deretter.

I tillegg til å plassere nokre grupper fram i køen, er det også bestemt at barn ned til seks månader skal få tilbod om vaksine.

Risikogrupper
• Vindafjord skal ha den første vaksineringa for risikogruppene 28. og 29. oktober, og deretter 5. november og 12. november. Prisen for ein dose er 120 kroner. Det er legekontora i Vikedal, Ølen og Skjold som skal vaksinere. Når massevaksinasjonen startar, blir det vurdert å opprette eit vaksinasjonssenter.
• I Etne kommune blir det vaksinering i Etne kulturhus 6. og 10. november og ved Skånevik omsorgssenter 3. november.
Her er det helsestasjonane som organiserer stikket, og prisen per dose er 50 kroner.
Førebels har helsestyremaktene avgjort at det berre er risikogruppene som treng vaksine i to omgangar.