Frekke jegrar tok luftvegen

Kari Aakra På dagtid jakta vedkommande i fjella ved Dreganes i Ølen. Jegerane hadde løyve […]

Kari Aakra

På dagtid jakta vedkommande i fjella ved Dreganes i Ølen. Jegerane hadde løyve på to dyr, men skaut ein bukk dei ikkje hadde løyve på. Deretter valde dei å bruka helikopter for å frakta bukken ut av området. Heller ikkje dette hadde dei lov til.
— Eg blei tipsa om dette nå nyleg, og det var nesten så eg ikkje trudde det var sant. Så langt over streken trur eg ikkje eg har høyrt at jegerar har gått før, seier formann i viltnemnda i Vindafjord, Erling Lien.

Ikkje lokale
Jegerane hadde løyve på ei kolle og ein kalv, men klarte ikkje halda seg til det, og skaut ein stor bukk under jakta. Lien meiner han veit kven som står bak, og seier at dei ikkje er frå Grannar-distriktet. Jegerane har tidlegare jakta i området, men grunneigaren har ikkje tenkt å sleppa dei til fleire gonger etter denne hendinga, og krev dyret tilbake att. 
— Grunneigaren var ikkje akkurat blid, nei, fortel Lien, som ikkje er framand for at tjuvskyting er førekjem frå  tid til annan.

Likevel seier Lien at han ikkje opplevd frekkheten i denne målestokken før.
— Det kan jo skje at ein skyt feil dyr, men når ein vel å frakta dyret ut med helikopter går det for langt. Dette er drastisk, seier Lien.
Han arbeider saman med viltoppsynet i Haugesund i saka. Både fellinga og helikopter-frakta er straffbart, men førebels veit ikkje Lien kva følgjer dette vil få. Det er enno usikkert om saka blir meldt til politiet.