Ny giv ved Nortura Sandeid

Arne Frøkedal Uvissa er over for dei 64 fast tilsette ved Nortura sitt anlegg i […]

Arne Frøkedal

Uvissa er over for dei 64 fast tilsette ved Nortura sitt anlegg i Sandeid.

I førre veke kom meldinga om at 487 medarbeidarar mister jobbane sine i konsernet. Dei tre fabrikkane på Sortland, Ålesund og Haugesund blir lagt ned.

Også i Sandeid har det sidan tidleg i vår vore usikkert kva som ville skje etter at det blei kjent at Nortura måtte gå til store innsparingar. Nå er den mest omfattande omstillingsprosessen i konsernet sin historie vedtatt i styret, og dermed er det klart at anlegget i Sandeid vil bestå.

– Det betyr at me kan legga vekk all uvisse, og halda fram med dagens slakting og ha dei same aktivitetar som før. Samstundes vil me ha moglegheit til å utvikla anlegget vidare, seier fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg.

Hestekur

I tillegg til 220 berørte ved dei tre fabrikkane, vil konsernleiinga fjerna 267 administrative årsverk i Nortura. Innsparinga er estimert til 315 millionar kroner årleg.

– Det er ei tung avgjerd fordi me veit så godt at dette grip direkte inn på medarbeidar, eigarar og lokalsamfunn. Samtidig må me sjå dette i eit større perspektiv. Nedskjeringane er nødvendige for å retta opp den alvorlige økonomiske situasjonen konsernet er i, uttaler Sveinung Svebestad, styreleiar i Nortura SA.

Nortura Haugesund, som ligg på Norheim i Karmøy kommune, blir avvikla innan 1. juni 2010.

Det er ein betydeleg tøffare konkurranse i kjøttmarknaden, både i butikkhyllene og på bygda, som er bakgrunnen for den omfattande hestekuren. Blant anna har endra kjøpevanar spela inn. Sidan 2001 har konsernet lagt ned 1.500 arbeidsplassar. Gjennom ein omstillingsavtale med fagforeiningane, har ni av ti berørte medarbeidarar fått nytt arbeid.

Ny teknologi

Fabrikksjef i Sandeid, Britt Randi Stokkevåg er glad for avklaringa, samstundes som ho synest det er leitt at kollegaer andre stader mister jobben.

– Det har vore gjort investeringar her i ny teknologi, og me kjem nå styrka ut av denne prosessen. Sjølv om me har hatt trua på framtida, kan ein ikkje føla seg trygg i ein slik situasjon me har vore gjennom. Nå kan me sjå framover og har sjansen til å utvikla anlegget vidare, seier ho.

Med 64 fast tilsette og totalt 130 i den travlaste slaktesesongen, er Nortura ein stor og viktig arbeidsplass i Sandeid og regionen. Anlegget er langt inne i ein travel lammesesong med slakting av rundt 10.100 lam i veka på det meste.

– Me har fått testa den nye teknologien med ny klyppelinje, og konstaterer at produksjonen har gått svært bra og like effektivt som i fjor. Her blir slakta 250 lam i timen, og parallelt tatt 70 storfe, seier Stokkevåg tilfreds.