Stengjer etter 70 år

  Kari Aakra Avvikling av butikkdrifta er noko ekteparet har gått med i tankane lenge. […]

Kari Aakra

Avvikling av butikkdrifta er noko ekteparet har gått med i tankane lenge. Dei har drive butikken i 32 år. Nå ventar pensjonisttilværet, og like over nyttår er det slutt på den snart 72 år gamle daglegvarebutikken. Matlagingshobbyen blei butikk for om lag fem år sidan då dei byrja for fullt med sal av heimelaga julepålegg, salatar, dessertar og leveranse av koldtbord. Likevel har det den siste tida blitt for mykje arbeid og vanskelegare å driva daglegvarebutikk.

— Hadde me vore 20 år yngre hadde det ikkje vore tvil om å investera meir og satsa på større butikk. Nå håpar me berre nokon vil leiga lokale av oss, mest av alt ønskjer me at det framleis skal vera butikk her, seier Bøthun.

Då dei overtok butikken i 1977, hadde foreldra hans allereie hatt butikkdrifta i 40 år.  Matlagingshobbyen har truleg vore det som har redda butikken dei siste åra.
— Utanom ferskvarene våre hadde det nok ikkje vore butikk her så lenge. Og det er nok takka dei heimelaga varene våre at me har hatt gode resultat. Daglegvarebutikk er blitt vanskelegare å driva med større krav frå kjeda, meir konkurranse frå andre butikkar, og eit handlemønster hjå kundane som er ganske ulikt i dag enn det var då me starta opp, fortel  Svein Bøthun.

P. Bøthun Daglegvare har i fleire år køyrd ut varer til kundar, og det kjem også til å bli noko av det mest saknelege ved butikkdrifta, fortel ekteparet Bøthun.

— Me har om lag ti kundar som ikkje lengre er like lette til beins, og me køyrer varer ut til dei kvar fredag. Dei har handla hjå oss i alle år, og det er alltid kaffi klar på traktaren når eg kjem, fortel Svein Bøthun.

På utkøyringsturane er det alltid på sin plass med ein drøs over kaffikoppen, og det sosiale ved å vera handelsmann vil vera tungt å gje opp. Før dei overtok butikken i Skånevik dreiv dei på Utåker, og det gode kundeforholdet vil alltid vera spikra til minnet.

— Folk pleidde ofte stå over ei ferje for å ta ein kopp kaffi og prata litt. Me kjem nok til å hugsa gleda ved å driva butikken best; ingen dag er like og alltid er det sosialt med kundane. Det blir vemodig å stengja stenga, og sjølv om me er sletne, kjem me til å sakna butikken, fortel Svein og Helga Bøthun.