Inntektsjubel i Vindafjord

Vel 22 millionar kroner gjekk den kommunale skuta i pluss i fjor. Det var rådmann […]

Vel 22 millionar kroner gjekk den kommunale skuta i pluss i fjor. Det var rådmann Kristian Birkeland som under tysdagens møte i Vindafjord formannskapet kunne gi gladbodskapen. Og slike plusstal er ikkje kvardagskost for folkevalte i Vindafjord.

Hovudårsaka til det solide resultatet er god skatteinngang. Denne auken er på rundt tolv prosent. Og dette betyr at fleire bedrifter i den næringstunge kommunen har lagt bak seg eit  godt år.

Også låge rentekostnader slår positivt ut på resultatet i kommunerekneskapen. Ein liten del av bildet er at sjølve den kommunale drifta gjekk i pluss med 1,4 millionar.

Verken rådmann eller formannskap blei gripen av lysta til å skru opp pengebruken i denne omgangen. For dette kan vera pengar som trengst når tidene blir trongare.