Ifølgje dagleg leiar Anne-Grete Solli står det mellom namna «HallSkjold Kultur & Sportsarena» og «Skjold Arena». Men kva den nye hallen i Skjold skal heita, blir ikkje bestemt før på årsmøtet i mars.
— Det er litt morosamt at me opnar ein hall som ikkje har eit offisielt namn, men det positive med det er at det skapar engasjement og diskusjon blant bygdefolket, kjem det frå Solli.
Ho trur at dei fleste i bygda har mest sans for «Skjold Arena», men det kan fort bli litt for likt namnet i nabokommunen, «Tysvær Arena».
— Namnet «Skjoldhallen» er i bruk på Grinde, så det kan me ikkje bruka, sjølv om det hadde vore freistande å ta det tilbake, fortel den ferske hallsjefen.
Solli er likevel tydeleg på at dette er bygdefolket sin hall, og til helga blir det folkefest for heile familien. Fredag er det idrett som står i fokus, og det blir først ein runde med fotball før ein går laus på slåball og kanonball. Borna startar, og seinare på kvelden er det dei vaksne sin tur.
Laurdag er hallen open for alle som ønskjer å selja eller visa fram produkta sine.
— Påmeldinga er open heilt fram til laurdag, og det er stadig fleire som vil vera med. Her kjem det kunstutstillarar og treskjerarar. Andre vil selja smykke, og det er mange av utstillarane på messa som ønskjer å utvida kontaktnettet sitt, forklarar Anne-Grete Solli.
Laurdag kveld er det offisiell opning av anlegget, der Skjold Musikkorps, Kulturskulen, UL Skjoldar og Skjold skule bidrar med ulike kulturinnslag.
— I tillegg legg me vekt på at denne opningshelga skal vera eit sosialt møtepunkt der folk får tid til å prata saman og ikkje berre blir underhaldne. Dette bygget skal vera eit hus for alle, kjem det frå Solli.