Rootsklar: Tom Roger Aadland. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Rootsklar: Tom Roger Aadland. Foto: Grethe Hopland Ravn

Album med kontrastar

Tom Roger Aadland sine nynorske tekstar går rett heim hos det norske publikum. Etter suksessar som «Blod på spora» og «Det du aldri sa» er han no klar med sitt fjerde album, «Fløyel og stål»

Tom Roger Aadland frå Vikebygd har for alvor markert seg som artist i Noreg, men det var som nynorsk formidlar at folk først stoppa opp og gav seg tid til å lytta.

— Mi første utgiving var «Obviously Embraced» i 2007, men den fekk lita merksemd då ho kom på marknaden. Difor vart eg svært overvelda over mottakinga som «Blod på spora» fekk i 2009, seier Aadland mens han rettar litt på hatten som etterkvart har blitt hans kjennemerke.

«Blod på spora» var ei nynorsk oversetjing av Bob Dylan si plate «Blood on the tracks» og fekk mykje større merksemd enn Aadland på førehand hadde våga å drøyma om. I mars i fjor kom hans tredje plate, «Det du aldri sa», som var hans første plate med eigne nynorsktekstar, og tilbakemeldingane var om mogeleg enda betre enn dei var i 2009.

21. september slepp Aadland si fjerde plate, «Fløyel og Stål», og naturlegvis er han spent på korleis publikum likar plata hans, som også denne gongen inneheld tekstar på nynorsk.

fleire har oppdaga Bob Dylan gjennom nynorsken

— Etter at eg oppdaga nynorsken med «Blod på spora» er det ei nisje å skriva låtar på originalt nynorsk. Eg føler at prosessen med å skriva Bob Dyland sine tekstar over til nynorsk blei ei forløysing for meg som låtskrivar, for sjølv om eg er veldig interessert i engelsk, er morsmålet ein eigen ting, seier den utflytte vikebuen.

Litt meir pop

Plata som er å finna i hyllene om vel éi veke inneheld tolv låtar som alle er litt meir kontante enn på platene før. Mens sist album var meir roots-prega er denne litt meir prega av pop.

— Albumet handlar om kontrastar, derav namnet fløyel og stål, og nesten alle låtar handlar om forhold. Sjølv om det er forhold, éin til éin, siktar eg ikkje berre til kjærastpar men også andre relasjonar, seier Aadland.

Han trur også at på denne plata er humoren hans litt tydlegare enn før og det er han svært fornøgd med. Aadland opplyser nemleg at humoren hans til dagleg kan vera ganske tørr, men at humoren denne gong kjem meir fram gjennom låtane på plata.

I afrikansk hytte

Kontrastar er også eit nøkkelord, når han fortel om korleis dei tolv låtane blei til. Aadland reiste faktisk på skrivetur til ei lita bygd, sør for Durban i Sør-Afrika då han skulle skriva låtane. Han budde ti veker i ei lita skrivehytte, og jobba hardt og strukturert mellom åtte og ti timar kvar dag. Utanfor hytteveggene skvulpa bølgjer frå glitrande hav på kvit strand, mens palmesusen kunne høyrast med vinden. Ein kan ikkje kalla låtskrivaren anna enn strengt disiplinert, når han kan produserer tolv låtar i ei lita skrivehytte i eit slikt paradis.

Aadland har skrive alle låtane, både tekst og melodi på den nye plata si, sjølv. Han fortel at det er tekstane han jobbar mest med, mens musikken kjem med gode tekstidear.

Innspelt i Oslo

Mens både «Blod på spora» og «Det du aldri sa» er spelt inn på ABC-studio i Etne med Linn Frøkedal som eit varmt korbidrag, har han no bytta både stall og bakgrunnsvokal. «Fløyel og Stål» er spelt inn i Rainbow Studio i Oslo og miksa av superprodusenten David Bianco i Los Angeles. Plata er produsert av Jørund Fluge Samuelsen. Med seg som korist har han fått ein av sine nære veninner, Grete Svendsen.

No er han klar for å sleppa plata på marknaden, og etter det følgjer rundt 25 konsertar i Noregs land, før jul. Etter jul blir det enda travlare, med fleire konsertar og ein turné som varer til langt utpå våren. Mellom anna kjem han til Etne 10. november då han skal halda intimkonsert i foajeen på Skakkesenteret.

— Fleire har sagt til meg at dei oppdaga Bob Dylan gjennom nynorsken, seier Aadland, og det må vel vera det beste skyssmål for ein artist som syng på nynorsk og dialekt.