Roxanne Iddeland (t.v.) og Lyla Claire Granberg frå Filipinane er gjester i Kvinneforum onsdag. Foto: Privat
Roxanne Iddeland (t.v.) og Lyla Claire Granberg frå Filipinane er gjester i Kvinneforum onsdag. Foto: Privat

Fortel om livet i Noreg

To søstrer frå Filipinane fortel om deira nye liv.

Kvinneforum i Ølen får onsdag kveld i denne veka besøk av søstrene Lyla Claire Granberg og Roxanne Iddeland. Under arrangementet på Kyrkjetunet vil dei to fortelja om livet i Noreg.

Dei to har busett seg i nærområdet. Lyla Granberg bur på Bjoa og kom til Noreg for tolv år sidan. Og som ho seier: —Eg gifta seg med ein viking frå landet med midnattsol langt mot nord og opplever no at heime ikkje lenger er der eg sjølv vart fødd, men her i Noreg som mine to barn er fødd.

— Livet i Noreg har ikkje vore «ein dans på roser»! Det har vore mange utfordringar, men eg har klart meg gjennom alt, seier ho.

Søstera til Lyla heiter Roxanne Iddeland og bur i Ølensvåg. Ho kom til Noreg for ti år sidan og har tidlegare budd i Bergen. Hennar historie er litt annleis, men felles for dei begge to er at dei har følgt draumen sin, flytta til vårt land og busett seg her i dette landet som mennene deira er frå. Begge to uttrykker glede over å få bu i Noreg.

Tema for kvelden er «Å følgje draumen sin».  Arrangøren gler seg til å få besøk av desse to kreative søstrene som vil dela frå sitt liv og som er med å berika våre fellesskap både for dei personane dei er og fordi dei har med seg så mykje spennande frå sin kultur der dei vaks opp.