63-12-mgp jr 12-bruk

Song seg til superfinalen

Berge Ohm (15) har ingen grunn til å henga med hovudet etter laurdagens innsats i MGP junior i Oslo Spektrum. TV-sjåarane som stemte han fram til ein av dei fire beste.

Oslo Spektrum er fylt til siste sete. I salen er spenninga utløyst og årets vinnarar i MGP junior heiter Marcus og Martinus (10), dei er tvillingar og like som to dråpar vatn. No har dei nettopp sunge vinnarlåten med same namn, for nesten 6.000 sjeler i salen og alle dei ti finalistane er komne opp på scenen for å framføra felleslåten «Fly av sted» i saman med tvillingane. Midt i flokken på scenen står Berge Ohm, som er strålande fornøgd med kvelden.

Tvillingar sjarmerte mest

— Det har vore ei fantastisk oppleving å få vera med på MGP junior, og eg er utruleg takknemleg for alle som har stemt meg fram til superfinalen, seier skjoldabuen. Når han ikkje vant sjølv, er tvillingane dei som får stemma  hans.

Det har vore ei fantastisk oppleving å få vera med på MGP junior

Marcus og Martinus er dei yngste som er med i årets MGP jr, og Ohm er ein av dei eldste. Likevel fortalte han allereie før finalen, at han hadde fått ein svært spesiell kontakt med 10-åringane frå Trofors i Nordland

— Fly av sted, slipp deg løs og kjenn at du svever, syng finalistane på scenen for entusiastisk og av full hals.

Salen syng med, og stemninga som herskar i Spektrum denne kvelden er elektrisk. Gjengen på scenen er på ingen måte konkurrentar, og så snart felleslåten er over, mottek vinnarane gratulasjonsklemmar og ros frå dei andre deltakarane. For gjennom dei siste dagane er dei blitt ein stor og samansveisa gjeng som gruar seg for å reisa heim igjen, kvar til sitt.

Ikkje lei seg

— Eg syns det var kjempekjekt at Marcus og Martinus vann i dag. Dei er to fantastisk kjekke gutar med kvart sitt store talent, og med tanke på den unge alderen dei har, trur eg dei har store mogelegheiter i framtida, seier Ohm sympatisk.

Han ser ikkje det minste lei seg ut. Det har han heller ingen grunn til. Ohm var ein av dei som fekk flest stemmer under kveldens finale. Av ti bidrag var det berre dei fire bidraga som fekk flest stemmer som gjekk vidare til superfinalen, og blant dei var Ohm. Til slutt var det tvillingane som stakk av med sigeren. Ikkje vanskeleg å forstå kvifor! Både Marcus og Martinus har så til dei grader liv i kroppen, og både faktar og verbale formuleringar er til å smelte av. På scenen ser det ut til at dei stortrivs og ein får inntrykk av at nervar og sceneskrekk er ukjent for tvillingane.

Mange frå heimtraktene

Haugalandet var godt representert både i salen og på scenen laurdagskvelden. Berge Ohm hadde rundt 80 fans i salen, og blant dei var det også 12 frå hans næraste familien. Dei hadde med seg både plakatar og store bokstavar som dei heia fram favoritten sin med. Ruth «Vicky» Victoria Rømyhr frå Sveio var også ein av dei fire finalistane og framførte rapen «Skate» for det norske folk, også ho med ein solid skare fans i salen. Det fjerde bidraget som gjekk til superfinalen, var gruppa «Beat Track» frå Oslo.

NRK fekk inn over 500 bidrag til årets konkurranse, der 25 blei trekte ut til å komma på audition i Oslo. Av desse 25 var det ti bidrag som vart plukka ut til å vera med i finalen. Det er jo ei bragd i seg sjølv, og det er finalistane heilt einige i.

No er årets MGP junior historie, men Ohm kan ta med seg både gode minner, ei fantastisk oppleving og ikkje minst ei god framføring frå scenen i Oslo Spektrum laurdag. Ut frå den hylande gjengen med jenter som flokka seg rundt han etter felleslåten, er det liten tvil om at han framleis klarar å blunka seg inn i mangt eit ungt jentehjarta.