Søppelet flyt mange stader. Over pise er det invitert til dugnad i Etne.
Søppelet flyt mange stader. Over pise er det invitert til dugnad i Etne.

Svinesti ved skytebane

Dette synet møter folk ved bommen til skytebana på Fikse.

Det er eit lite hyggeleg syn som møter skyttarar og turgårar ved bommen på Fikse i Etne. Kven er det som har svin på skogen, lurer Einar Monsen på.

Han er med i Etne skyttarlag, og reagerer på at folk kan finne på å svine til naturen på denne måte.

— Eg forstår ikkje at det går an. Vi lagar det fint til på skytebanen og folk kjem for å delta på stemne, men så møter dei på dette bosset først. Det er leit, seier Monsen.

Han fortel at det ikkje er tilfeldig boss, men at det er køyrt dit med tilhengar, i fleire omgangar. Det starta med litt avfall frå ein plen, så eit fortelt og deretter både lenestolar og madrassar.

Alt er dumpa i ei lita skråning rett utanfor bommen.

— Dette burde dei finne ein annan plass til. Det finst andre alternativ med miljøstasjon ikkje så langt unna. Dette er ein dårleg mentalitet, og eg håpar det blir slutt på det, og at dei ansvarlege ryddar opp, seier han.

Monsen synest det er ein underleg mekanisme dersom det er fleire miljøsyndarar som står for bosset: at ei ulovleg fylling fører til at fleire hiver bosset sitt det.