Stordalsvatnet bada i sol og var eit nydeleg skue torsdag føremiddag. 
Arkivfoto: Elin B. Øvrebø
Stordalsvatnet bada i sol og var eit nydeleg skue torsdag føremiddag. Arkivfoto: Elin B. Øvrebø

Kom deg ut!

Endeleg skin sola på oss. Det skal den gjere den fram til og med måndag, så finn fram solbrillene!

Både Yr og Storm melder om gode vérutsikter dei neste dagane for Vestlandet.

Helga vil bli solrik og tørr, men også kaldare etter kvart. I fjellet ligg allereie den første snøen, og natt til sundag kan me vente oss éin minusgrad i Etne.

Skal du snart over fjellet, bør du bytte til vinterdekk.