Signering av storavtale. Avdelingsleiar Geir Arild Søndenå, dagleg leiar Svein Atle Berge, direktør Lars Olav Solbakken, Skanska og prosjektsjef Roar Sve, Skanska.
Foto: Privat
Signering av storavtale. Avdelingsleiar Geir Arild Søndenå, dagleg leiar Svein Atle Berge, direktør Lars Olav Solbakken, Skanska og prosjektsjef Roar Sve, Skanska. Foto: Privat

Tidenes største elementkontrakt

Ølen Betong har signert ein rekordstor kontrakt.

Skanska Norge har tildelt Ølen Betong ein gigantkontrakt på leveranse av betongelement til jernbane tunnel i Holmestrand. Kontrakten blei signert torsdag.

Leveransen gjeld modernisering av Vestfoldbanen i Holmestrand.

Til dette prosjektet skal Ølen Betong sin fabrikk i Sveio produsera ca. 150.000 – 170.000 m2 vegg- og takelement, noko som tilsvarer 80.000 tonn transportvekt. Elementa skal leverast innan sommaren 2014.

Sandfrakt

Aktiviteten og bemanninga ved fabrikken i Sveio vil auka betydeleg frå medio november i år som fylgje av det store oppdraget. Reiarlaget Sandfrakt i Ølensvåg skal transportera dei ferdige elementa i skipslaster frå fabrikkens kai til Holmestrand. Ølen Betong vil stå for transporten vidare med bil til levering inne i tunnelen kor entreprenøren står for montasjen. Dette er en logistikkløysing bedrifta og deira medarbeidarar har lang og god erfaring med frå tilsvarande prosjekt.

— Skanska Norge er ein solid og kjent entreprenørbedrift som Ølen Betong har hatt leveransar til gjennom mange år, uttaler avdelingsleiar Geir Arild Søndenå i Ølen Betong.

ein solid entreprenørbedrift me har hatt leveransar til gjennom mange år

Han legg til at bedrifta stiller strenge krav til helse, miljø og sikkerheit, rett pris, god kvalitet og leveringsdyktighet til rett tid.

— Dette er krav som Ølen Betong med våre erfarne og dyktige medarbeidarar, er kjent for å kunne følgja opp, seier Søndenå.

 1,3 million

Gjennom ei årrekkje har Ølen Betong bygt seg opp til å bli ein av Europas største leverandører av betongelement til vass-, brann- og frostsikring av samferdselstunneler.

Totalt er det levert ca. 1,3 millionar kubikkmeter frå fabrikken i Sveio kommune til hundre tunneler for veg og jernbane.