Biltjuv på flukt innhenta

Politiet sette i gang aksjonen då det i 15-tida måndag blei observert ein stolen ved ein butikk i Etne. Patruljen frå Vindafjord lensmannskontor innhenta bilen på veg vestover E134 mot Knapphus.

— Førar som nekta å stoppa, var ei tid oppe på sykkel- og gangsti, men hadde ikkje høg fart, opplyser operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Føraren blei etter kvart innhenta og pågripen av politiet. Vedkomande var rusa og blei tatt med til lege for utvida prøve, og deretter plassert i varetekt for avhøyr tysdag.

Det viste seg at bilen var meldt stolen frå Bygnes på Karmøy natt til måndag.