Endeleg kom vinteren

Ungane på skulen og barnehagen i Vats gler seg over vinteren og er ikkje mykje redde for stive kuldegrader.

Til stor glede for spesielt den yngre garde, har Kong Vinter gjort sitt inntog i heile landet vårt. Ikkje berre har han spandert både snø og kuldegrader på oss, men han har også tatt godt i. Tysdag denne veka kunne pedagogisk leiar i Vats barnehage, Tove Ohm melda om heile 17 stive blå, i Vats og ein kunne kjenne kulda klypa i både nase og kinn.

For ungane i barnehagen er dette heilt supert, og det såg ikkje ut til at sprengkulda på noko vis sette kjeppar i hjula for leiken. Begge dei store avdelingane, Klatremus og Skogsmus, var ute frå morgonen av, og i den vesle akebakken i barnehagen, myldra deg av glade barn med raude roser i kinna sine.

— Kjempekjekt

— Me synest det er kjempekjekt med snø for då kan me renna på akebrett, og så kan me gå på ski, seier Sofie Ihle, før ho set seg på ei stor akematte  saman med vennene sine, Sara Elise Langeland og Ida Marie Eikeland, og set utføre den vesle bakken.

På ferda frå toppen mot botn av bakken, blandar hyl og latter seg med kvarandre, og kvar gong ferda tek slutt og akematta stoppar opp, ramlar jentene oppå kvarandre i ein haug og ler hjarteleg. Det er ikkje tvil om at dei storkosar seg.

På spørsmål om det ikkje er i det kaldaste laget, svarar dei alle tre at dei synest det faktisk er kokvarmt når dei leikar.

Har det supert

Ungane i akebakken er aktive krabatar, og dei vaksne må stadig minne dei på at dei skal «renna ned på høgre sida og gå opp igjen på venstre sida». Trafikken i bakken er med andre ord stor, og som barn flest er ikkje alltid konsekvenstenking den aller sterkaste sida, midt i leiken. Trass gode forsøk på diplomatisk køsystem, er det ikkje like lett å venta på tur. Fleire gonger oppstår relativt udramatiske kollisjonssituasjonar, utan alvorlege skadar. For det meste går det i såkalla «pinglesår» som ikkje ein gong er kvalifiserte for plaster.

Etter halvannan time i 17 kuldegrader, er det tid for lunsj. Det betyr også at ungane må leggja på plass akebretta og gå inn for å kle av seg, sidan måltidet føregår innomhus. I same sekund er også konklusjonen klar, for når alle barna jamrar og klagar for at dei må forlata kulda for både nistemat og god drikke, er det ikkje til å legga skjul på at ungane har det supert i snøen. At dei også er «kokvarme» trass kulda, kan også dokumenterast, då fleire sveitte panneluggar stikk fram, under rause og tjukke vinterluver.

Samansveisande aketurar

Også på skulen i Vats har ungane henta fram akebretta sine, og då Grannar troppa opp ved hovudinngangen, var det lite som minna om at det i det heile var folk på skulen denne dagen. Trass i at det faktisk var friminutt, var det ikkje ei sjel å sjå – i skulegarden på framsida av huset, vel å merke. Spissa ein øyro, kunne ein likevel høyra liv bak skulen.

På baksida blir ein møtt av eit lurveleven, og ein kan godt forstå at lærarane dreg på smilebandet der dei står med gule vestar og har friminuttsvakt. Sjeldan er ungar meir samkøyrde enn når dei er i ein akebakke, og på lik linje med Vats barnehage, er det jubel og lått som rungar lang veg.

Store som små, sit samla på store presenningar og akar utanføre den vesle akebakken på same tid. Hulter til bulter landar dei oppå kvarandre når dei når enden av bakken, og dei er ikkje før stoppa opp, før dei på ny er på veg opp bakken med mål om ein ny aketur. Dette er kjekt, dette er samansveisande og elevane håpar på lange tider med godt vintervêr, og har ingenting i mot at gradestokken viser heile 17 stive blå kuldegrader.