Politiet fekk melding om trafikkuhell aust for Vikedal like etter kl 18.00 sundag kveld. Ein bil med tre personar i hamna utfor vegen og ned ei skråning.
Det var store skadar på bilen, men dei involverte slapp lettare frå det. Éin person fekk mindre skade i ansiktet og alle tre blei køyrt til legevakta i Ølen av ein privatperson.
— Det er ekstremt glatt på sideveger på Haugalandet, fortel
operasjonsleiar Jan Geir Hessen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.