Hardelandsvatnet. Foto: Arne Frøkedal
Hardelandsvatnet. Foto: Arne Frøkedal

Rekordlåge vassmagasin

Fyllingsgraden langt under normalen.

Ekstrem tørke over ein lang periode, kombinert med lite snøsmelting gir store utslag på fyllingsgraden i norske vasskraftmagasin. Siste statistikk utarbeida av NVE gjort onsdag kl 13.00, viser at fyllingsgraden gjekk ned med 3,1 prosentpoeng siste veka. Det er om lag same nedgang som veka før.

Statistikken omfattar magasin som samla har 97,5 prosent av landets totale kapasitet, som utgjer 84,3 TWh. Målinga viser ein fyllingsgrad på 34,4 prosent.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2012 var 41,1 prosent, medan maksimumsverdien 58,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 42,3 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 26,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 37,7 prosent.

Det er lite som tilseier at det vil vesentleg tilsig i magasina med det aller første. Varselet frå yr.no viser framleis sol og kjølig vêr til langt ut i april. Sjølv med ein del plussgrader på dagtid, vil det vera minimalt med snøsmelting.

Siste 30 døgn har det berre kome vel 30 mm ved målestasjonen i Vats. Temperaturen i har denne perioden i snitt vore -0,9 grader som 2,8 grader kaldare enn normalen.