Førre måndag kom bandet, som har to medlemmer frå Vikedal og Etne, ut med sitt andre album, «Meir».
Meir av alt
Grannar tok ein prat med vokalist Erlend Hjelvik i førekant av platesleppet. Ifølgje vikedalsbuen er det nye albumet mørkare enn det første.
— På dette albumet har me tøyd grensene. Det som har vore tungt har blitt tyngre og det som har vore fengande har blitt meir fengande. Rett og slett meir av alt, og mørke gjennom Kvelartak-filteret, forklarte han, og håpte den nye musikken ville falle i smak hos fansen.
Høge terningkast
Applausen lar heller ikkje vente på seg blant dei argaste musikkkjennarane. Både Dagbladet, Dagsavisen, Aftenposten og Bergensavisen kronar det nye albumet med aller høgaste karakter. Ifølgje førstnemnde er Kvelertak det beste rockebandet i landet, og innfrir på alle plan med den nye plata. No ventar ein omfattande turné, med stopp mellom anna på den velkjende musikkfestivalen Roskilde i Danmark. Og før den tid skal dei varme opp for sjølvaste Kiss i Stavanger i juni.