Av Sirianne Vikestad
Saman med Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og SK Vats-leiar Øyvind Nordtveit, var fotballproffen med på å opna anlegget til 6,7 millionar kroner. Også FKH-spelarane Kristoffer Haraldseid (19) og Joakim Våge Nilsen (22) var med på å kasta glans over arrangementet.
200 spelarar
Is, pølser, hamburgarar, brus, kaker og anna godt gjekk ned i mange svoltne magar. Opninga av Hatteland stadion i Nedre Vats skulle gjerast stas på, og då var det lagt opp til kampar for barn, ungdommar og vaksne heile dagen frå kl. 10.30 til kl. 18.00.
SK Vats hadde invitert lag frå distriktet inn og det var i alt 200 spelarar frå Vats, Vikebygd, Skjold, Etne, Vikedal, Kolnes, Falkeid og Nedstrand.
Vann billettar
Kamilla Rødde Nesheim (10) frå Vats synest at den nye kunstgrasbanen var veldig fin og kjekk å spela på. Ho hadde nettopp testa ut grasmatta mot Etne og vunne 9-1 over dei. 10-åringen vann også FKH-billettar til kampen mot Hønefoss i haust. Andre gjeve ting som spelarane kunne vinna var fotballdrakter frå FKH, Borussia Mönchengladbach og landslaget, samt anna sportsutstyr.
I tillegg til å spela kamp, kunne dei testa ut skotfoten sin i ein nettradar som AF Decom hadde leigt inn for dagen. Her fekk både store og små prøva så mykje dei ville. Den høgaste scoren kom på over 100km/t.
Tapte mot A-laget
Håvard Nordtveit fekk også prøva ut grasmatta då han spela på lag med far sin og gamle gjengen som starta opp SK Vats mot det noverande A-laget til Vats. Stillinga vart 7-4 til ungdommane, der Vegard Haakull, Tore B. Stokka (2) Martin Frøland, Kristian Aas (2) og Mads Isaksen stod for måla til A-laget. Den originale gjengen pluss nokre andre gav dei god motstand til publikums underhalding og målscorarane deira var Håvard Nordtveit (2), Dag Inge Nordtveit og Kurt Rødde.
Skryt
Det nye stadionet fekk mykje skryt av vatsbuen og andre tilreisande. Det set nok eldsjelene bak prosjektet pris på, etter alt arbeidet dei har lagt i det. Over 2.000 dugnadstimar er registrert ved bygginga av anlegget. Om ikkje så lenge kjem det ljosstolpar opp, slik at banen kan nyttast når mørke haustkveldar nærmar seg.
Hatteland stadion er ein av dei betre i Noreg med høg score på kvaliteten og med internasjonale mål på grasmatta. Heile anlegget kosta 6,7 millionar kroner, der mellom anna VAF, Hatteland, AF Decom, Haugesund Sparebank, Nordtveit AS, Westcon og mange fleire har vore med og bidratt til den flotte samlingsstaden for ungdommen.
Cup
Leiar i SK Vats, Øyvind Nordtveit, ser ikkje bort frå moglegheita for å arrangera cup liknande Vikeputten i Vats ved det nye anlegget. Men først må det nye garderobar på plass. Dette arbeidet kjem ikkje i gang før ut på hausten.