Den nye Olalia Fjellstove er i rute. Onsdag feira arbeidsfolket med kranselag, og til sommaren skal hytta stå heilt klar til å ta imot alle slags ferdafolk.
— Me ligg i rute når det gjeld sjølve bygginga, seier leiar i Haugesund Turistforening Rolf Svendsen.
Eit snikkarlag leia av fire byggmestarar ser til at den nye fjellstova tek form. Matstellet til arbeidskarane tek turistforeininga sine kvinnelege medlemmer seg av.
trur mange vil dra kjensel på hytta slik ho var før
— Snekkerane jobbar frå måndag til torsdag. Samstundes kjem to damer og kokar på dugnad. Damene byter på turnusen og tek fire dagar i slengen, fortel Svendsen.
Arbeidslaget bur på ei lita hytte like bak fjellstova. Denne hytta skal seinare også nyttast som turisthytte.
— Ei av hyttene vil alltid vera open i framtida, seier han.
Pust av gamle dagar
Sjølv om hytta på Olalia er ny frå kjellar til loft, har arkitekten lagt vekt på at hytta skal gje assosiasjonar til tida som var.
— Eg trur mange vil dra kjensel på hytta slik ho var før når dei kjem gåande. Innvendig er alt endra, men deler av fasaden har trekk som kan kjennast igjen, seier Svendsen.
Stor og moderne
Den første hytta stod ferdig i 1939. Sidan har den vore renovert opp gjennom åra. I dag vil turfolket finna ei stor og moderne fjellstove med moderne fasilitetar både når det gjeld kjøkken og bad. Straum og vatn er på plass i den tre etasjes store hytta som har ei grunnflate på heile 250 kvadrat.
Her er plass til 50 senger. I tillegg kjem 20 soveplassar i den såkalla sikringshytta like ved.
— Soveromma ligg i andre etasje. I hovudetasjen vil det bli kafé, stove og kjøkken. I kjellaren kjem bad, dusj og toalett, opplyser Svendsen.
Tursti for alle
For å gjera fjellstova best mogeleg tilgjengeleg for folk flest har turistforeininga lagt vekt på å utbetra stien frå Opheim og innover i fjellet. Den over fem kilometer lange stien er utvida til opp mot to meter vegbredde. No skal det vera mogeleg å ta turen til Olalia utan å bli våt på beina.
— Me måtte gjera noko. Gjørme og auka nedbør øydela stien. No er det ingen myrer lenger. Med ein slik sti vil det vera mogeleg for folk å både sykla og gå tur med barnevogn i tillegg til at rullestolbrukarar vil ha høve til å ta seg fram. Målet er å leggja til rette for fleire brukarar, seier Svendsen og håpar ein tørr sti vil lokka fleire til fjells.
Vegen er lagt etter terrenget. Grøfting og graving er utført for å forhindra at stien skal løysa seg opp. Myrer er tørrlagt og steinmasse frå terrenget rundt er brukt som vegdekke.
— I juni neste år skal alt stå ferdig. Då blir det opning av hytta, lovar Svendsen.