Filmen om One Directions er om livet til boybandet, frå den spede start til suksessen.
Filmen om One Directions er om livet til boybandet, frå den spede start til suksessen.

Rullar ut raud løpar

Inviterer til både premierefest med raud løpar og fest etterpå

I Oslo blei 800 premierebillettar til filmen om One Direction utseld på mindre enn to timar.

Fredag 6. september rullar kinosjef Berit Rafdal ut den raude løparen. Då er det premiere på filmen This is us som handlar om det britisk/irske boybandet One Direction, som blei danna under X-Factor i England i 2010. Sidan den gong er gutane Niall Horan, Zayn Malik, Liam Payne, Harry Styles og Louis Tomlinson blitt verdskjende og har toppa musikklister i nærare 90 land. No kjem filmen om livet i musikkbransjen, heilt frå den spede start i heimbyen, via konkurransen X-Factor og fram til dei erobra verda. Gjennom filmen får du høyra historia frå gutane sjølv og oppleva den musikalske reisa gjennom deira auger, korleis det er å vera One Direction.

Premierefest

Kinosjef Berit Rafdal har ikkje opplevd like stor pågang som då filmen gjekk i Oslo, men opplyser at folk er allereie begynt å bestilla billettar til premieren også her. Ho håpar folk finn fram finstasen, og tar turen.

— Me har tenkt å laga litt ekstra ut av premieren, og inviterer derfor alle som ønskjer å gå på kino denne dagen til premierefest! Me rullar ut den raude løparen, og ønskjer alle premiereklare kinogjengarar velkommen med eit glas brus som velkomstdrink, seier Rafdal.

Etter filmen blir det ein premierefest med discotek og at folk kan få kjøpa seg både mat og drikke.

Haustfilmar

Same dag er det også premiere på filmen De tøffeste gutta. Dette er ein film som set fokus på mobbing på ein litt humoristisk måte.

Det er meir spennande på haustprogrammet. Ein film kinsjefen trekkjer fram er Optimistene. Dette er ein norsk film om ein gjeng eldre damer frå Hamar, som spelar volleyball. Det spesielle med denne historia er at damene er i alderen 66 til 98 år, og trass i at dei har drive med volleyball i 30 år, har dei ikkje spelt ein einaste kamp. Nettopp det vil dei gjera noko med.

Kinosjefen har også forvetningar til Gåten Ragnarok. Filmen handlar om arkeologen Sigurd Svendsen (Pål Sverre Hagen) som har via livet sitt til å løysa dei tusen år gamle mysteria frå Osebegskipet sitt gravkammer.

For dei yngste er det fleire gode filmar å venta på. Sist helg var det premiere på den andre filmen om Smurfene, og seinare i haust kjem filmen Fly, som er i same kategorien som filmen Biler. Det blir ein spennande haust med mange fleire filmar på kinoplakaten, seier Rafdal.