Westcon er ein av dei norske bedriftene som er representert stand på den store oljemessa Offshore Europe 2013 i skotske Aberdeen i desse dagar. Oljemessa i Aberdeen er ein viktig møteplass for bransjen. Westcon stiller manns- og kvinnesterke på messen som ein del av den norske paviljongen.
Eit 40-talls norske bedrifter er med, der Westcon og 23 andre har eigen stand. Westcon melder at standen er veldig godt besøkt og at det gigantiske bakgrunnsbildet av Ølensfjorden med tre riggar og to skip til kai, er eit stort blikkfang i messehallen.
— Vêret er upåklageleg varmt og fint, og Aberdeen blir kalla den Skotske rivieraen denne veka, opplyser Marius Parmann som jobbar med informasjon for Westcon.