— Hjelp oss å tømma Etneelva for boss, er meldinga frå Etne kommune.
Fredag morgon, under eit døgn etter at ein semitrailer lasta med 29 tonn søppel hamna i Sørelva på Mo, var det krisemøte på tinghuset for korleis den akutte forureiningssituasjonen skal handterast.
På eit møte der Etne kommune, Røde Kors, politiet og Etne elveeigarlag deltok, kom det fram at det må ein ekstraordinær innsats til for å rydda elva for boss.
Trass iherdig innsats utover gårsdagen, er det framleis mykje søppel frå den havarerte bilen som flyt i det lakseførande vassdraget. Frivillige blir bedne om å stilla på Røde Kors-huset i dag frå 16-19 i dag og laurdag kl 10-19.
Det er ein fordel med støvlar og redningsvest. Aldersgrense 18 år. Yngre ifølgje med føresette kan også delta.