Me har kome til Etne i Grannar-serien «Bygdestreif». I samband med vårt 40-årsjubileum har me sett mål av oss å gjennomføra 13 fotoreportasjar i løpet av året for å skildra bygdene i kommunane Vindafjord og Etne.
Tidlegare har me presentert Stordalen, Vats, Åkrafjorden, Ølensvåg, Sandeid, Skånevik, Vikedal, Skjold, Bjoa og Imsland, og no har turen komen til sentrum, Rygg, Sørstranda og Nordstranda av Etne kommune. Reportasjen frå Etne stod på trykk i Grannar nr 83, som kom ut måndag 11.november. Nå inviterer me lesarane våre til å senda oss bilde frå Etne. Bilda vil bli publiserte i eit eige fotoalbum i nettavisa.
Vil du dela eit bilde frå bygda di med andre, send det i ein epost merka «Imsland» til foto@grannar.no. Ta òg med ein liten tekst, samt namnet på fotografen.