Av Arnhild Aaen
Gurine Fosse har samla troppane. For når det er julemesse under planlegging, må det god, gamaldags bakst til, helst i store mengder.
Julemesse er blitt tradisjon i bygdene våre. Nå har førebuingane gått føre seg i lang tid, og snart blir dørene opna for publikum. Så også i Ølensvåg, der det dette året blir arrangert julemesse for andre år til inntekt for nytt bedehus i Vågen. Inger Elisabeth Koch i julemessekomiteen fortel om stort engasjement.
kakene vi hadde bakt var borte på ei lita stund
— Ein del personar tok initiativ til julemesse i fjor, og det viste seg at det var ein marknad for dette her i Ølensvåg. Julemessa i fjor var svært populær. Det var fullt hus frå vi opna, og kakene vi hadde bakt var borte på ei lita stund, fortel ho.
Dette gav sjølvsagt meirsmak, og nå har førebuingane til ny julemesse gått føre seg ei stund.
Kaker i hundretal
Eit imponerande syn møter oss på kjøkenet på Lundeneset vidaregåande skule måndag kveld denne veka då det er baking av julekaker til Julemessa komande laurdag.
Tolv damer tryller fram dei herlegaste julekaker følgde av god steikelukt.
Vi blir presentert for sjefsbakar Gurine Fosse, sjølv om ho ikkje liker tittelen heilt. Ho meiner alle stiller likt, men når ein får høyre at det er ho som deler ut oppskrifter og har den store oversikten, er nok rolla rett.
Ho fortel at kvar bakar får med seg oppskrifter heim, og kjem tilbake med ferdig deig, som blir bakt ut på dei felles bakekveldane. I år har det blitt tre slike bakekveldar. Noko som gir eit resultat på fleire hundre kaker av åtte – ni sortar. Dei fleste, slike kaker vi er vant med, men også nokre nye sortar.
Spennande oppskrifter
Merkevara til julemessa er nordlandskakene får vi vite.
— Oppskrifta kjem frå Kvitsøy, og desse gjorde slik lukke i fjor at vi har fått mange bestillingar dette året, fortel Gurine Fosse.
Desse kakene blir ikkje kjevla ut slik vi er vante med. Denne kvelden er det Sigrid Åreskjold som tryller kakene frå blaut deig i bollen til dei ligg i handa og vidare ned på steiketakka. Imponerande.
Ei anna oppskrift som også kjem frå Kvitsøy, er kransar. Desse blir stukke ut med ei kranseform og har deig liknande som til kakemenn. Desse har også vist seg å vere svært populære.
Nytt av året er sjokoladepletter.
— Spennande om dei blir fine, men eg følgde oppskrifta, så det kan ikkje bli så gale, seier Yngvild Carnerø Lunde i det ho opnar bollen med deigen i.
Les heile saka i dagens Grannar og sjå fleire bilde!