Chris Jespersen klar til neste renn i OL.  Arkivfoto: Svein Halvor Moe
Chris Jespersen klar til neste renn i OL. Arkivfoto: Svein Halvor Moe

Imponerer landslagssjefen

Chris Jespersen siktar høgt.

Av Svein Halvor Moe

Sjef for skilandslaget, Vidar Løfshus er positivt overraska over Chris Jespersen (30) sine prestasjonar så langt i sesongen.

— Det er fortsatt ingen som er tatt ut til Tour de Ski. Men det er ingen tvil om at Chris Jespersen kan bli ein bra mann for Noreg både der og i OL dersom han held stimen, seier Løfshus.

Landslagssjefen er ein av mange som har lete seg imponera over skånevikbuen sin flotte start på sesongen. Jespersen har prestert jamt bra heilt sidan sesongopninga på Beitostølen.

Blant dei aller beste

30-åringen har gått fort i det eine rennet etter det andre. Martin Sundby er den einaste av dei norske løparane som har vore på høgde eller betre. Petter Northug har så langt i vinter til gode å hamla opp med Jespersen som han opp gjennom åra har trena mange økter saman med.

— Chris hadde eit bra løft førre vinter. Prestasjonane denne sesongen tyder på at han har halde fram den fine utviklinga. Mest gledeleg er det kanskje at den tidlegere fristileksperten har blitt så god i klassisk.

ingen som helst tvil om at Chris Jespersen alt har lagt inn fleire sterke søknader

Det var for nokre få år sidan lite som tyda på at han etter kvart skulle bli ein av våre beste i god gammeldags diagonalgang. Det er han faktisk nå. Eg gler meg til å sjå han på 30-kilometer skøyting førstkommande helg, seier Løfshus til Grannar.

Må halda seg frisk

Landslagssjefen meiner det er den lokale toppløparen sin sjukdomshistorikk som har vore den største utfordringa i forhold til å kvalifisera seg for meisterskap. Både i fjor og året før var det mange som meinte at Jespersen burde ha vore med landslaget.

I desember i fjor var det ingen ting som tyda på at det ville bli sett saman ein VM-tropp utan at hans namn var med. Jespersen skulle i utgangspunktet berre bekrefta den gode forma i verdscuprenna først på nyåret og i NM.

Det var sjukdom og smurningsbom i NM som førte til at han ikkje klarte det. Samtidig presterte nokre av hans hardaste utfordrarar då det gjaldt som mest. Eit sett av uheldige omstende førte til at Jespersen måtte bli heime då den norske troppen sette kursen for høgdeopphald og etter kvart VM i Val di Fiemme. Denne gongen kan det bli vanskelegere å utelata skiløparen frå Skånevik når landslagsleiinga skal ta ut OL-troppen.

Gode kort på handa

— Det kan skje mykje før me skal foreta det endelige OL-uttaket om ein månads tid. Men det er ingen som helst tvil om at Chris Jespersen alt har lagt inn fleire sterke søknader. Både for han og andre handlar det om å visa form over tid. Tour de Ski kan visa seg å bli ein viktig arena for dei med OL-ambisjonar. Me har sagt at me skal senda seks herreløparar dit. Interessa for å vera med er så stor at me vurderer å auka det talet. Chris veit nok innerst inne at han er høgaktuell for den troppen, seier Vidar Løfshus til Grannar.

Fokus på Davos

30-åringen veit kva som gjeld.

— Fokuset mitt nå er å gjera det best mulig i Davos. Men eg har veldig lyst på Tour de Ski dersom eg er i form og har noko der å gjera. Det får tida visa, seier Jespersen som nå er på plass i Mellom-Europa.

Han har reist til Italia for å lada opp til laurdagens verdscuprenn i Davos. Jespersen er fornøgd med tingenes tilstand om dagen. Spesielt med tanke på at han fortsatt meiner det skal vera mulig å gå endå fortare enn det som har vore tilfelle så langt i vinter.