Politiet fekk like før kl 18.30 torsdag, melding om brann i eit lagerlokale i Ølen. Vel éin time seinare var brannen sløkt av brannmannskap, melder operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Skadeomfanget er førebels ukjent, og politiet kunne heller ikkje i kveld seia noko om årsak til brannen.