Av Sirianne Vikestad
Innerst i fjorden, der høge fjell ligg med snøteppe over seg og Langfoss dundrar nedover fjellsida mot sjøen, var det i førre veke filminnspeling. Eljarvik husa i alt 14 personar som stod for produksjon og skodespel, og blant dei var ingen ringare enn Bente Benedikte Børsum, godt kjent frå teaterscena og filmlerretet.
Dramatisk scene
— Me kunne ikkje ha funne ein betre stad for filmen vår, seier produsent Joachim Thingnes (22) og regi- og manusforfattar Hanne Martine Cotton Breivik.Dei er begge studentar ved Nordisk institutt for scene og studio, og kortfilmen dei spela inn ved Åkrafjorden er ein del av ei bacheloroppgåve. Eljarvik har alt dei var ute etter som handlingsbakgrunn, med naust, gard, fjell og fjord.
— Eg var ute etter ei dramatisk scene og visste at Vestlandet ville by på det. Tips frå fotografen vår Kristoffer Grindheim (21) og faren hans Arild Grindheim, som har røter i Etne, førte oss til denne fantastiske staden, fortel filmskaparen.
Ho seier at ho var i ekstase då den tidligare rektoren for statens teaterhøgskule, Bente Børsum, takka ja til å vera med i kortfilmen.
Stjernedryss over studentfilm
Skodespelaren som mellom anna er kjent for roller i ‹‹Reisen til julestjernen›› og ‹‹Mors hus››, takka ja til å vera med i kortfilmen til Hanne Breivik, på bakgrunn av ein tidlegare film som regi- og manusforfattaren står bak. Denne eksamensfilmen er nominert til årets beste kortfilm ved Minimalen Kortfilmfestival i Trondheim, og enda opp med å vinna prisen for Nordens beste kortfilm under helgas festival.
— Hanne Breivik er ein av Noregs kommande filmskaparar, meiner 79-åringen og viser til at NISS-studenten har ein rolig, bestemt regi og at manuset i filmen, som blir spelt inn i Eljarvik, byr på original, menneskeleg og forståeleg tilknyting mellom generasjonar.
Vil røra publikum
Filmen omhandlar ei bestemor og to barnebarn, der barnebarna i retrospektiv handling ser tilbake på tida og kontakten dei hadde med bestemora før ho tok livet av seg ved drukning.
— Eg har stor tilknyting til historia ved at eg kjenner ei nerve i forteljinga, seier filmskaparen og viser til at ho brenn for å laga noko som kan treffe andre.
Manusforfattaren legg til at det hadde ikkje vore det same om forteljinga utfolda seg inne i Oslofjorden. Ho og produsent Joachim Thingnes er dei av studentane som har reist lengst for å laga kortfilmen sin.
Produsenten sjølv er nøgd med val av stad, der alt utanom vêret har gått på skinner.
For fint vêr
— Me har hatt for fint vêr, smiler han og viser til at dei trong det ordentlege vestlandsvêret og lyset som dramatisk effekt. Den kom i form av regn, sludd og tåke på torsdag.
Skodespelarane derimot, har kost seg ved fjorden og utforska nærområdet, med god hjelp av mellom anna Per Martin Kjellesvik ved Rullestad Camping. Dei fortel at dei har følt seg godt ivaretatt av lokalbefolkninga inne i Åkrafjorden.
— Eg har kost meg skikkeleg her, seier Bente Børsum og fortel blant anna om den flotte kanoturen dei hadde i fjorden med spegelblank sjø, blant dei høge vestlandsfjella.