Kjartan Helleve (t.v.), Synnøve Marie Sætre og Svein Olav Langåker håpar på mange forslag til Årets nynorske blogg. Foto: Hege Lothe/Noregs Mållag
Kjartan Helleve (t.v.), Synnøve Marie Sætre og Svein Olav Langåker håpar på mange forslag til Årets nynorske blogg. Foto: Hege Lothe/Noregs Mållag

Kårar beste nynorske blogg

Vinnaren får 10.000 kroner.

Framtida.no, Noregs Mållag og Norsk Målungdom skal kåra årets nynorske blogg. Kvar veke fram til nyttår skal det kårast ein vekas nynorske blogg, og blant desse vil ein jury kåra Årets nynorske blogg.

— Det finst mange gode bloggar på nynorsk som fortener eit større publikum. Dette ønskjer me å gjera noko med, seier Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no.

Nyhende- og debattavisa for unge, der Grannar er ein av fleire samarbeidspartnerar, vil laga ei samleside der ein kan finna lenkjer til alle dei beste nynorske bloggane.

— Me synest det er viktig å gjera stas på gode språklege førebilete, seier Synnøve Marie Sætre, nyvald skrivar i Norsk Målungdom.

Ho sit i juryen saman med representantar frå Framtida.no og Noregs Mållag, og håpar at det kjem inn mange forslag i konkurransen.

— Det er lov å føreslå seg sjølv, understrekar Sætre.

Bloggarar innan alle mulege tema blir inviterte med – frå mat- og motebloggarar, til dei som skriv om til dømes fotball, politikk, litteratur eller livet generelt.

Godt språk, gode bilete og godt innhald blir lagt vekt på i vurderinga til juryen.

Dei tre bak kåringa vil premiera vinnaren med 10.000 kroner.