Denne helga er Ungdommens kulturmønstring i Rogaland, og årets fylkesmønstring er lagt til Tysværtunet i Aksdal. Arrangør er Tysvær kommune og Rogaland fylkeskommune.
UKM blir rekna som landets største rugekasse for unge talent. LidoLido (Peder Losnegård) frå Tysvær, Berge Ohm frå Vindafjord og duoen Elsa og Emilie (Elsa Søllesvik og Emilie Haaland Austrheim) frå Haugesund er døme frå Haugalandet på kor det heile starta. Berge Ohm var med i UKM i 2011 og kom til finalen i Norske Talenter same år og til MGP jr i 2012.
Stor mønstring
Meir enn 160 ungdomar frå Rogaland skal få visa fram det dei kan etter å ha blitt plukka ut frå lokalmønstringar arrangert av kommunane i januar og februar. Ungdomane er påmelde innan musikk, dans, litteratur, film, visuell kunst og trylling. Det er i år også påmeldt ungdomar som skal vera konferansierar, nettredaksjon og sceneteknikarar.
Formell opning av fylkesmønstringa for Rogaland går føre seg laurdag 22. mars kl. 18.00 i samband med opningsframsyninga. Det er fylkesvaraordførar Terje Halleland frå Vindafjord som opnar mønstringa. Opning av kunstutstillinga, der 42 unge kunstnarar deltek med foto, måleri, teikningar, digitale teikningar samt origami og smykkekunst, skjer rett etter opningsframsyninga laurdag.
I løpet av helga blir tre framsyningar med sceneinnslag: éin på laurdag ot to på sundag.
Kick-off
Sjølve mønstringa startar fredag kveld med UKM kick-off-konsert med Razika, Kindred Fever og Frk. Fryd. Her får publikum og deltakarar møta tre unge rockegrupper frå Vestlandet som er i ferd med å skapa seg namn – og med jenter i dei fleste rollene, pluss Jarle Langåker i Kindred Fever.
Fylkesmønstringa vert arrangert som ein festival frå fredag til sundag, og alle deltakarane får delta på ulike kunstverkstader. Haugaland Kunstverk inviterer til tokt i området med sprayboks og målarkost, Per Steinar Lie innvier framtidige musikarar i turnélivets gleder og sorger, det vert danseverkstad med Alain Morales og utøvarane kan få laga profesjonelle pressefoto saman med fotograf Anne Marthe Widwey.
Til Trondheim
Ein jury vil plukka ut dei unge utøvarane som skal få representera Rogaland på UKM-festivalen i Trondheim i juni. Juryen er samansett av Kjell Inge Torgersen (juryleiar), Per Steinar Lie, Bjørn Fløystad, Alain Morales, Anne-Kjersti Hermanrud, Gudrun Karina Arntsen og Stig Beite Løken.
Vindafjord
Som vanleg er Vindafjord godt representer, og etter lokal UKM i januar er desse plukka ut til å representera kommunen:
Graular
Ungdomar i 15-/16-årsalderen frå fleire bygder utgjer metal-bandet som består av Agnes Andersen på vokal, Henry Jonas Johansen på lead gitar, Jarle Lunde er andregitarist, Frode Bødtker på bass og Lyth Bendik Hole på trommer. Framfører Nirvana-låten Smells like teen spirit.
Greta Acaite (14)
deltar med kunst i ulike former.
Julie, Lydia og Gunhild (folk)
18-åringane Gunhild Skeie (gitar), Julie Andreassen (song), og Lydia Helland (song og piano) frå Vikedal og Sandeid framfører Brother av Matt Corby
Kirsten Opheim (17)
frå Ølen bidrar med fotoutstilling.
Marlèn Rørtveit Rødne
14-åring frå Sandeid (song og gitar)
framfører balladen Beneath Your Beautiful (tekst og melodi: Labrinth, Emeli Sandè ).
Rebekka A. Krunenes (12)
stiller ut bilde som ho har teikna på kulturskulen.