Mange blei skuffa då Fairport Convention uteblei fjor, men nå er dei engelske folkrockarane på plakaten til Rootsen igjen.
Vikedal Roots Music Festival er stolte over å presentera eit av Engeland sine aller største band i rootssjangeren til årets arrangement. Fairport Convention måtte dessverre avlysa konserten i Vikedal ganske ufrivillig i fjor etter store flyproblem på Heathrow flyplass.
einaste konserten bandet har avlyst sidan oppstarten
— Ifølgje bandet sin manager er dette den einaste konserten bandet har avlyst sidan oppstarten i 1967. Bandet har uttrykt eit stort ynskje om å få koma til Vikedal for å spela, og me er nå glade for å kunna bekrefta bandet til årets festival, seier bookingansvarleg Stig Morten Sørheim.
Frå 1967
Mange festivaldeltakarar blei lange i maska då bandet uventa ikkje dukka opp til Rootsen i fjor, og arrangørane reknar med at dei ikkje kan vera like uheldige to år på rad. Dermed er det duka for gamle og kjente tonar frå scena når Fairport Convention inntar podiet.
Bandet blei danna så langt tilbake som i 1967, og var gjennom 70-åra det klar omgrepet på engelsk folkrock. Og det var vel nærast dei som fann opp denne sjangeren, kor keltisk og britisk musikktradisjon smelta saman med moderne rock.
Grunnstamma i orkestret er dei to opphavlege medlemmane Simon Nicol og Dave Pegg, supplert av dei to fiolinistane Chris Leslie og Rick Sanders, samt tidligare Cat Stevens-trommeslagar Gerry Connway.
Det store gjennombrotet kom i 1969 med albumet Liege & Lief kor gruppa, som den gong også inkluderte fiolinisten Dave Swarbrick, gitaristen Richard Thompson og songaren Sandy Denny, skapte den ultimative folk/rock-plata.
Stadig store
Fairport Convention held kvar august sin eigen festival kalla Copredyfestival. Her opptrer bandet med alle sine eks-medlemmer, venner og ei rekkje spennande band for eit publikum på 20.000. Gruppa har gjennom åra gjennomgått mange utskiftingar, men er stadig i stand til å trekkja fulle hus overalt i verda.
Dagens band består av Simon Nicol (song, akustisk gitar), Chris Leslie (mandolin, bouzouki, bouzar, fiolin og song), Rick Sanders (fiolin), Dave Pegg (bassgitar, mandolin og song) og Gerry Conway (trommer, tamburin, dhumbek, bodhran).