Chris Jespersen stiller til start under årets Hestanipen Opp
akrivfoto
Chris Jespersen stiller til start under årets Hestanipen Opp akrivfoto

Klar for motbakkeløp

I år er det motbakkeløpet som er startskotet på festivallivet i Vikedal og har du lyst til å måla krefter med ein idrettsutøvar på toppnivå, er det berre å finna fram gode sko og stilla til start. Chris Jespersen har nettopp lagt bak seg sin aller beste skisesong så langt og er omtalt som ein av Noregs beste. Han blir med Hestanipen Opp.

Motbakkeløpet går av stabelen fredag 11.juli og er ei løype på rundt 3,5 kilometer og går først over asfalt, så gjennom granskog og bjørkeli, via bjørkeskog og opp på snaufjellet før ein er i mål. Det er bratte bakkar på tur opp, som får pulsen til å stiga og arrangørane ønskjer å få med seg både dei som berre vil ha seg en tur, eller dei som ønskjer å testa forma si og måle krefter mot andre.

Dette blir fjerde året løpet blir arrangert og i fjor var det 263 personar som deltok. 95 personar i konkurranseklassen og 168 personar i trimklassen. Nytt av året er at det blir ein bedriftsklasse. Her er det om å gjera å få med flest mogeleg frå ei bedrift i aktiv klasse. For den bedrifta som vinn blir det ein hyggeleg premie som kan nytast. Løpet er på rundt tre og ein halv kilometer,