Offshore.no rapporterer at jobben har ein prislapp på 600 millionar kroner. I så fall kan det vere den tredje største enkeltkontrakten verftet i Ølensvåg har signert.
Riggsjef Malvin Eide i Westcon vil ikkje kommentere beløpet, og viser til eigar Prosafe som har signert ein avtale med Statoil som gjer det nødvendig å endre på riggen.
— Vi har jobba med denne kontrakten ei stund, men eg kan ikkje kommentere storleiken på den. Arbeidet er med på å halde aktiviteten oppe, og vi er sjølvsagt glade for å få dette oppdraget, seier Eide.
Han opplyser at riggen kjem inn til verftet på nyåret 2015. Kor lenge den planlagt skal vere ved verftet, er ikkje klarlagt enno.
— Vi held på med engineering og deretter skal vi lage ein del prefabrikasjon. Når riggen kjem inn på nyåret står oppgradering og installasjon for tur, forklarar han.
Første kvartal
Prosafe er blant dei største operatørane og eigarane av halvt nedsenkbare bustadriggar, elleve i alt. Safe Scandinavia skal delvis byggast om for å fungere som ein servicerigg for Statoil på Oseberg Aust.
Kontrakten er treårig med ytterlegare opsjon for eitt år til. I dag er riggen ein vanleg bustadrigg på Snorre-feltet.
Ombygginga i Ølensvåg vil starte første kvartal neste år, og riggsjef Eide opplyser at dei stadig arbeider for å skaffe nye kontraktar.
Over helga skal West Alfa ut på fjorden for testing. Maersk sin jack-up-rigg, Intrepid, er også snart ferdig ved verftet.
I slutten av juli kjem så Transocean Artic inn til Westcon for klassing og oppgradering.